Til startsiden
  • Personvern
  • Arkiv
  • Nettstedskart
  • Kontakt oss
  • Skriv ut
  • Skriv ut
  • Endre tekststørrelse
English

Nyheter

Nytt alternativ til innreiseforbodets lengde ved utvising


Det er vedteke ei endring i utlendingsforskrifta § 14-2 første ledd som gjeld frå 20. juni 2016. Frå tidlegare er det mogeleg å verte utvist frå Noreg med eit innreiseforbod på eitt år, to år, fem år eller for alltid. No er det også mogeleg å verte utvist med eit innreiseforbod på 10 år.

Departementet har i rundskriv G-07/2016 presisert kva tid ti års innreiseforbod skal nyttast. Til dømes kan det vera aktuelt når ein utlending har vorte straffa for eit lovbrot der handlinga er så alvorleg at innreiseforbodet etter praksis skal gjelda for alltid, men vert sett ned til fem år grunna familie i Noreg. No kan ein også i dei tilfella vurdere 10 års innreiseforbod om eit innreiseforbod på fem år ikkje er tilstrekkeleg ut fra dei alvorlege tilhøva som danna grunnlag for at utlendingen vert utvist.

Utlendingsdirektoratet
Postboks 2098 Vika
0125 Oslo

Ansvarlig redaktør: Stephan Mo