Til startsiden
  • Personvern
  • Arkiv
  • Nettstedskart
  • Kontakt oss
  • Skriv ut
  • Skriv ut
  • Endre tekststørrelse
English

Departementenes rundskriv og instrukser

AI-93/2009
Dokument-ID : AI-93/2009
Saksnummer : 200700644
Dokumentdato : 01.01.2010
Mottakere :

Utlendingsdirektoratet
Utlendingsnemnda

Instruks om reiserestriksjonar overfor einskildpersonar frå Iran

Sanksjonene er videreført i henhold til e-post fra UD i vedlegg 2 til instruksen. (red.anm. 9. desember 2010)

Departementet viser til at utlendingsloven 2008 trer i kraft 1.1.2010. Utlendingsloven 2008 § 76 tredje ledd medfører at departementet kan instruere Utlendingsdirektoratet og Utlendingsnemnda for å ivareta omsynet til grunnleggande nasjonale interesser eller utanrikspolitiske omsyn.

Departementet viser til tidlegare instruks AI-44/07 av 6.5.2008, om reiserestriksjonar mot namngjevne personar frå Iran.

Departementet viser vidare til melding frå Utanriksdepartementet av 13.03.08 (vedlagt). Her kjem det fram at Tryggleiksrådet i FN 3. mars 2008 vedtok resolusjon 1803 (2008) som vidarefører og skjerpar gjeldande sanksjonar mot Iran, jf. Tryggleiksrådet sine resolusjonar 1696 (2006), 1737 (2006) og 1747 (2007).

Resolusjon 1803 (2008) artikkel 3 uttalar (uoffisiell oversetjing):

[Sikkerhetsrådet] oppfordrer alle medlemsstater til å være aktsomme og å utvise tilbakeholdenhet med hensyn til innreise til eller transitt gjennom deres territorier for personer som deltar i, er direkte tilknyttet eller bidrar til Irans spredningsfølsomme kjernefysiske virksomhet eller til utvikling av leveringssystemer for kjernevåpen. [Sikkerhetsrådet] beslutter i den forbindelse at medlemsstatene skal underrette Sanksjonskomiteen for Iran dersom en person som angitt i vedlegget til resolusjon 1737 (2006), vedlegg I til resolusjon 1747 (2007) eller vedlegg I til denne resolusjon reiser inn på eller i transitt gjennom deres territorium. Det samme gjelder for personer som i henhold til Sikkerhetsrådet eller Sanksjonskomiteen for Iran deltar i, er direkte tilknyttet eller bidrar til Irans spredningsfølsomme kjernefysiske virksomhet eller til utvikling av leveringssystemer for kjernevåpen, blant annet ved at de er involvert i anskaffelser av ulovlige gjenstander, varer, utstyr, materiale og teknologi som fastsatt ved og i henhold til tiltakene i paragrafene 3 og 4 i resolusjon 1737 (2006). Dette gjelder likevel ikke i tilfeller der innreise eller transitt skyldes virksomhet som har direkte sammenheng med gjenstandene nevnt i nr. 3 bokstav b) i) og ii) i resolusjon 1737 (2006)”.

I medhald av utlendingslova 2008 § 76 tredje ledd instruerar me Utlendingsdirektoratet, Utlendingsnemnda , utanriksstasjonane og politiet om at personar som nemnt i resolusjon 1803 (2008) artikkel 3 skal vera underlagt dei reiserestriksjonane som går fram av same føresegn. I dette ligg at dersom ein eller fleire av desse personane skulle søkja om visum eller anna innreiseløyve til Noreg, skal departementet varslast.

Departementet presiserar at denne instruksen ikkje medfører automatisk nekting av visum eller av innreise eller transitt. Reiserestriksjonane omfattar berre at det er pålagt notifiseringsplikt til Sanksjonskomiteen for Iran. Dersom departementet vert varsla om søknad om visum eller anna innreiseløyve frå personar omfatta artikkel 3 nemnt ovanfor, vil me vurdera om det i saka skal gjevast instruks om utfallet av søknaden i medhald av utlendingsloven 2008 § 76 tredje ledd.

Lenker til relevante dokumenter:

Resolusjon 1696 (2006): http://daccess-dds-ny.un.org/doc/UNDOC/GEN/N06/450/22/PDF/N0645022.pdf?OpenElement

Resolusjon 1737 (2006): http://daccess-dds-ny.un.org/doc/UNDOC/GEN/N06/681/42/PDF/N0668142.pdf?OpenElement

Resolusjon 1747 (2007): http://daccess-dds-ny.un.org/doc/UNDOC/GEN/N07/281/40/PDF/N0728140.pdf?OpenElement

Resolusjon 1803 (2008): http://daccess-ods.un.org/TMP/637330.859899521.html

Resolusjon 1929 (2010): http://daccess-dds-ny.un.org/doc/UNDOC/GEN/N10/396/79/PDF/N1039679.pdf?OpenElement (lagt til 9. desember 2010)

Denne instruksen gjelder frå og med 1.1.2010 og inntil den blir oppheva eller erstatta med ny instruks, jf. instruks JD-2010-04-13 (red.anm).

Me ber Utlendingsdirektoratet om å orientera politidistrikta gjennom Politidirektoratet. Utlendingsdirektoratet er og ansvarleg for å orientera utanriksstasjonane på vanleg måte.

Utlendingsforvaltninga si fageining for landinfo og Utanriksdepartementet er orientert ved kopi av denne instruksen.

 

Med helsing

Sissil M. Pettersen (e.f.)
avdelingsdirektør
Lene S. Walaas
rådgjevar

Utlendingsdirektoratet
Norwegian Directorate
of Immigration

Postboks 8108 Dep.
0032 Oslo
Telefon: 23 35 15 00.

Kontakt UDI

Ansvarlig redaktør: Stephan Mo
Kontakt nettredaksjonen