Til startsiden
  • Personvern
  • Arkiv
  • Nettstedskart
  • Kontakt oss
  • Skriv ut
  • Skriv ut
  • Endre tekststørrelse
English

Departementenes rundskriv og instrukser

AI-99/2009
Dokument-ID : AI-99/2009
Saksnummer : 200802044
Dokumentdato : 01.01.2010
Mottakere :

Utlendingsdirektoratet
Utlendingsnemnda

Instruks om reiserestriksjonar overfor einskildpersonar frå det tidlegare Jugoslavia - tiltak for å støtte Den internasjonale straffedomstol for det tidligare Jugoslavia (ICTY)

Instruksen er fortsatt gjeldende utover gyldighetsperioden fastsatt i instruksen, jf. melding fra departementet (red. anm. 25. november 2010)


Departementet viser til at utlendingslova 2008 trer i kraft 1.1.2010. Utlendingslova 2008 § 76 tredje ledd medfører at departementet kan instruere Utlendingsdirektoratet og Utlendingsnemnda for å ivareta omsynet til grunnleggande nasjonale interesser eller utanrikspolitiske omsyn. Me viser vidare til tidligare instruks AI-43/03 av 6.5.2008.

Vidare vert det vist til e-post frå Utanriksdepartementet av 17.11.2009. Noreg har slutta seg til EU si felles haldning 2004/293/FUSP av 30. mars 2004 om tiltak for å støtta den internasjonale straffedomstolen for det tidlegare Jugoslavia (ICTY), og seinare forlengingar av denne. I felles haldning 2009/164/FUSP av 27.2.2009 ble vert tiltaka forlenga fram til 16.3.2010.

Lenke til felles haldning 2009/164/FUSP av 27.2.2009:

http://eur-lex.europa.eu/LexUriServ/LexUriServ.do?uri=OJ:L:2009:055:0044:0044:EN:PDF (lagt til 1. januar 2010)

Lenke til felles haldning 2004/293/FUSP av 30.3.2004:

http://eur-lex.europa.eu/LexUriServ/LexUriServ.do?uri=OJ:L:2004:094:0065:0068:EN:PDF

Lista over personar som er omfatta av reiserestriksjonar går fram av vedlegg til rådsavgjerd 2008/732/FUSP:

http://eur-lex.europa.eu/LexUriServ/LexUriServ.do?uri=OJ:L:2008:247:0056:0062:EN:PDF

Lista vert ikkje endra ved den siste felles haldninga.

I medhald av utlendingslova 2008 § 76 tredje ledd instruerar me Utlendingsdirektoratet, Utlendingsnemnda, utanriksstasjonane og politiet om at det ikkje skal utferdast visum til personar som vert omfatta av ovannemnte liste, jf utlendingslova § 10 andre ledd, og at disse personane nektast innreise og transitt gjennom Noreg, jf. § 17 første ledd bokstav l.

Denne instruksen gjelder frå og med 1.1.2010 og inntil 16.3.2010, dersom perioden ikkje blir forlenga, eller instruksen blir oppheva eller erstatta med ny instruks.

Me ber Utlendingsdirektoratet om å orientera politidistrikta gjennom Politidirektoratet. Utlendingsdirektoratet er og ansvarleg for å orientera utanriksstasjonane på vanleg måte.

Utlendingsforvaltninga si fageining for landinfo og Utanriksdepartementet er orientert ved kopi av denne instruksen.

 

Med helsing

Sissil M. Pettersen (e.f.)
avdelingsdirektør

Lene S. Walaas
rådgjevar

 

Utlendingsdirektoratet
Norwegian Directorate
of Immigration

Postboks 8108 Dep.
0032 Oslo
Telefon: 23 35 15 00.

Kontakt UDI

Ansvarlig redaktør: Stephan Mo
Kontakt nettredaksjonen