Til startsiden
  • Personvern
  • Arkiv
  • Nettstedskart
  • Kontakt oss
  • Skriv ut
  • Skriv ut
  • Endre tekststørrelse
English

UDI rundskriv

RS 2004-031
Dokument-ID : RS 2004-031
Saksnummer : 04/11493
Dokumentdato : 06.09.2004
Mottakere :

Politimeistrane
Utanriksstasjonane

Vedtak om å avvise ein klage i utlendingssaker - klageinstans


Når Utlendingsdirektoratet avviser ein klage, er Utlendingsnemnda klageinstans, slik at det er nemnda som skal handsame klagen over at den opphavlege klagen vert avvist. 

Utlendingsdirektoratet kan avvise ein klage over ein åtgjerd dersom det ikkje er eit enkeltvedtak. Eit døme er beslutning om utsett iverksetting. 

Vidare kan ein klage avvisast dersom den som sett frem klagen ikkje er part i saka eller ikkje har rettsleg klageinteresse.  

Ein klage kan dessutan avvisast dersom han er framsette etter klagefristen og det ikkje er gitt oppreising, eller dersom formkrava for klage ikkje er følgt.  

Klagen over vedtak om å avvise klage skal fremjast for direktoratet på vanleg måte. 

 

Hans-Henrik Hartmann                                       
underdirektør                                                   

Kontakt: Utlendingsdirektoratet, Opphaldsavdelinga

For engelsk versjon, trykk på flagget.

Utlendingsdirektoratet
Postboks 2098 Vika
0125 Oslo

Ansvarlig redaktør: Stephan Mo