Til startsiden
  • Personvern
  • Arkiv
  • Nettstedskart
  • Kontakt oss
  • Skriv ut
  • Skriv ut
  • Endre tekststørrelse
English

UDI rundskriv

RS 2010-147
Dokument-ID : RS 2010-147
Saksnummer : 09/5674-14
Sist endret : 02.11.2017
Dokumentdato : 01.01.2010
Mottakere :

Politimestrene
Utanriksstasjonane

Opphaldsløyve under søknadshandsaminga – utlendingslova § 57

1. Innleiing

Rundskrivet greier ut om vilkår og sakshandsaming i saker der opphaldsløyve i medhald av utlendingslova § 57 vurderes. Regelen gjeld ikkje ved søknad etter kapittel fire i utlendingslova.

2. Vilkår for å få opphaldsløyve under søknadshandsaminga

  • Utlendingen må kunne søkje frå Noreg i medhald av utlendingsforskrifta § 10-1.
  • Søkjaren må ha ein søknad om opphaldsløyve til handsaming.
  • Det må vera sannsynleg at søknaden hans eller hennar vil bli innvilga.

Opphaldsløyve under søknadshandsaminga skal likevel ikkje gis til borgarar av Iran eller Nord-Korea. Opphaldsløyve under søknadshandsaminga skal heller ikkje gis til borgarar av andre statar dersom det er grunn til å tru at opphaldsløyve kan bli nekta av omsynet til eksportkontroll eller kan bli nekta for å hindre overføring av kunnskap og teknologi, jf. utlendingsforskrifta § 6-35.

3. Handsaming av førespurnad om opphaldsløyve under søknadshandsaminga

Ordninga knytt til opphaldsløyve under søknadshandsaminga er meint å vere lite ressurskrevjande for utlendingsforvaltninga. Forvaltningslova kapittel IV til VI om enkeltvedtak gjeld difor ikkje for vedtaka, jf. utlendingslova § 57 fjerde ledd. Det skal ikkje vera krevjande å vurdere om vilkåra er oppfylde, og det foreligg ikkje grunngjevingsplikt eller klageadgang.

Av dokumentasjonsomsyn må søkjaren be skrifteleg om opphaldsløyve under handsaming av søknaden.

Førespurnad om opphaldsløyve i medhald av utlendingslova § 57, handsamast av politiet eller Utlendingsdirektoratet, jf utlendingslova § 65, jf utlendingsforskrifta § 13-1 bokstav h.

3.1. Når politiet har saksdokumenta

Om politiet i medhald av utlendingsforskrifta § 13-1, bokstav a til g, har fullmakt til å handsame søknaden om ordinært opphaldsløyve, skal dei gjere det. Er politiet i tvil om vilkåra for ordinært opphaldsløyve er oppfylt, og difor sender søknaden til Utlendingsdirektoratet til avgjerd, er vilkåra for at politiet kan gjeve opphaldsløyve under søknadshandsaminga, jf utlendingslova § 57, ikkje oppfylt.

For dei høve der politiet ikkje har fullmakt til å gje ordinært opphaldsløyve, og politiet har saksdokumenta, kan politiet gje søkjaren eit opphaldsløyve under søknadshandsaminga, jf utlendingslova § 57, dersom det er sannsynleg at søknaden vil bli innvilga.

3.2. Når Utlendingsdirektoratet har saksdokumenta

Om Utlendingsdirektoratet har saksdokumenta, skal dei ta stilling til om søkjaren kan få opphaldsløyve under søknadshandsaminga.

4. Innhaldet av opphaldsløyve under søknadshandsaminga

Opphaldsløyve gjeve i medhald av utlendingslova § 57 gjeld fram til vedtak i fyrste instans ligg føre i hovudsøknaden.

Dei same avgrensingane som gjeld for det ordinære løyvet det er søkt om, gjeld og for opphaldsløyvet under søknadshandsaminga. Opphaldsløyvet gjev søkjaren rett til å arbeide, dersom det ordinære løyvet gjev søkjaren rett til å arbeide. For øvrig gjeld utlendingslova § 60 bokstav a til c, jf utlendingslova § 57 tredje ledd.

Politiet skal ikkje ferde ut opphaldskort til søkjarar som har fått opphaldsløyve under søknadshandsaminga, jf utlendingslova § 64a. Løyvet skal bli bekrefta med vedtaksbrev.


Karl Erik Sjøholt
avdelingsdirektør

Kontakt: Oppholdsavdelinga

 

 

Siste endringer
  • Endret: RS 2010-147 Opphaldsløyve under søknadshandsaminga – utlendingslova § 57 (02.11.2017)

    Vedlegget til rundskrivet oppheves fordi oppholdstillatelse under søknadsbehandlingen ikke lenger skal bekreftes med stempel. I punkt 4 presiseres det at oppholdstillatelse under søknadsbehandlingen bekreftes med vedtaksbrev, og at det ikke skal utstedes oppholdskort til søkere som har fått oppholdstillatelse under søknadsbehandlingen.

  • Endret: RS 2010-147 Opphaldsløyve under søknadshandsaminga – utlendingslova § 57 (08.07.2014)

    Rundskrivet er endret. Det skal ikke gis oppholdstillatelse under søknadsbehandlingen til borgere av Iran og Nord-Korea, eller til borgere av andre stater hvor det er grunn til å tro at oppholdstillatelse kan bli nektet av hensyn til eksportkontroll eller for å hindre overføring av kunnskap og teknologi, jf. utlendingsforskriften § 6-35.

Utlendingsdirektoratet
Norwegian Directorate
of Immigration

Postboks 8108 Dep.
0032 Oslo
Telefon: 23 35 15 00.

Kontakt UDI

Ansvarlig redaktør: Stephan Mo
Kontakt nettredaksjonen