Til startsiden
  • Personvern
  • Arkiv
  • Nettstedskart
  • Kontakt oss
  • Skriv ut
  • Skriv ut
  • Endre tekststørrelse
English

UDI rundskriv

RS 2010-161
Dokument-ID : RS 2010-161
Saksnummer : 09/728-26, 16/02154
Sist endret : 22.03.2016
Dokumentdato : 09.02.2010
Mottakere :

Alle i UDI
Advokatar

Rutinar for handsaminga av førebelse klagar og klagar som er for seint fremma

1. Innleiing

Dei generelle reglane for klagesakshandsaming går fram av forvaltningslova kapittel VI med tilhøyrande forskrifter.

Dette rundskrivet inneheld retningsliner for handsaming av førebelse klagar og klagar som er fremma etter klagefristen. 

Rutinane for klagesakshandsaming er i hovudtrekk:

  • UDI skal som hovudregel avvise klagar som ikkje er sett fram innan klagefristen.
  • Når ein klage blir sett fram innan klagefristen, men det samstundes blir varsla om at ytterlegare opplysningar skal ettersendast, skal UDI i utgangspunktet gi klagaren ein frist for å sende inn dei aktuelle opplysningane.

Føremålet med rutinane er å korte ned den samla sakshandsamingstida i utlendingssakar, slik at negative vedtak kan effektuerast raskare. Det er ein føresetnad at klagane vert behandla så snart som mogeleg etter at dei er komne inn til UDI. 

2. Klagar som er fremma etter klagefristen

Klagefristen er tre veker frå det tidspunktet parten eller fullmektigen hans er underretta om vedtaket, jf. forvaltningslova § 29. Ved bruk av elektronisk kommunikasjon begynnar klagefristen å løype frå det tidspunktet vedtaket er gjort tilgjengeleg for parten og varsel om dette er sendt, jf. eForvaltningsforskrifta § 11 annet ledd.

Dersom ein klage er sett fram etter klagefristen, skal UDI av eige tiltak vurdere om klaga skal avvisast eller behandlast (oppreising av at klagefristen ikkje er overhalde).

Vilkåra for å gi oppreising står i forvaltningslova § 31 første ledd bokstav a og b. UDI skal vurdere å gi oppreising av klagefristen i kvart tilfelle.

For seint innkomne klagar til UDI kan til dømes skuldast at klagaren er forsvunnen eller har flytta til ukjend adresse, eller at fullmektigen ikkje har hatt tid til å sende inn klagen. I slike tilfelle kan ein laste klagaren eller fullmektigen for at klaga vart levert for seint. Det har ikkje noko å seie om det er klagaren sjølv eller fullmektigen ein kan laste. Slike klagar skal UDI som hovudregel avvise, med mindre det er særlege grunnar til at ein bør behandle saka, jf. forvaltningslova § 31 første ledd bokstav b.

”Særlege grunnar” kan til dømes vere at saka er særs viktig for klagaren. Dei fleste utlendingssaker er viktig for den personen saka gjeld. Saka må difor innehalde noko meir enn forhold som dei fleste klagarar kan vise til. For å avgjere om ei sak er særs viktig for klagaren må saksbehandlaren vurdere tilhøva i den einskilde saka, kva sakstype det er og kva for konsekvensar ei avvising av klaga kan få. ”Særlege grunnar” kan òg vere at saka reiser viktige rettsspørsmål som forvaltninga er tent med å ta stilling til.

Avvising av ein klage er eit enkeltvedtak som kan påklagast på vanleg måte, jf. forvaltningslova § 2 tredje ledd.

3. Ettersending av opplysningar ved førebels klage

Mange sender inn ein klage innan klagefristen er ute og varslar samstundes om at dei vil sende inn fleire opplysningar på eit seinare tidspunkt, ofte kalla ”førebels” klage. Sidan det er låge krav til kva form og innehald ein klage skal ha, vil ”førebelse” klagar normalt oppfylle krava til ein fullstendig klage.

For at sakshandsaminga ikkje skal bli vesentleg forseinka, kan ein klage i den einskilde saka behandlas før dei nye opplysningane er mottekne i UDI viss saka er tilstrekkeleg opplyst. Relevante moment i ein slik bedømming vil til dømes vere kva opplysningar som er varsla ettersendt, om desse opplysningane kan føra til omgjering av vedtaket og om opplysningar om tilhøva allereie finnast i saka.

Når saka ikkje er tilstrekkeleg opplyst, skal UDI som hovudregel gi klagaren ein frist på to veker for å sende inn dei nye opplysningane. I særlege høve kan ein setje lengre frist. UDI må samstundes varsle klagaren om at saka vil bli behandla sjølv om opplys¬ningane ikkje er sendt inn innan fristen.

Når fristen for å sende inn opplysningane er ute, vil UDI ta saka til behandling. Viss UDI kjem til at det ikkje er grunn til å gjere om på det opphavlege vedtaket, skal klagen sendast til Utlendingsnemnda.

4. Varsel om mogleg brot på advokaten sine plikter i asylsaker

Advokat som er tilslutta advokatordninga for asylsakar pliktar å overhalde dei klagefristane som er sett, sjå IM 2018-005 Organiseringen og administreringen av advokatordningen ved søknader om beskyttelse.

Dersom ein advokat gjentekne gonger ikkje overheld dei fristane, skal sakshandsamaren gi melding i samsvar med framgangsmåten i IM 2018-005 punkt 11.2. Klagen skal registrerast i UdiSak, og skal føreleggjast advokaten for uttale dersom UDI meiner at det er grunnlag for sanksjonar mot advokaten.

 

Stephan Mo
avdelingsdirektør

Marius Mølmen Moen
seksjonssjef

 

Kontakt: Regelverkseininga

Siste endringer
  • Endret: RS 2010-161 Innskjerping av rutinane for sakshandsaming når søkjar ikkje overheld klagefristen (13.05.2013)

    Retningslinjene er revidert i tråd med endrete rutiner for advokatordningen i Asylavdelingen. Rundskrivets tittel, overskriftene og innledningen er også endret. Det er gjort endringer i overskriftene og i punkt 1 og punkt 4.

Utlendingsdirektoratet
Postboks 2098 Vika
0125 Oslo

Ansvarlig redaktør: Stephan Mo