Til startsiden
  • Personvern
  • Arkiv
  • Nettstedskart
  • Kontakt oss
  • Skriv ut
  • Skriv ut
  • Endre tekststørrelse
English

UDI rundskriv

RS 2011-038
Dokument-ID : RS 2011-038
Saksnummer : 09/4741-16
Dokumentdato : 21.07.2011
Mottakere :

Politimeistrane
Utanriksstasjonane
Alle i Utlendingsdirektoratet

Tenesteytar og etablerar som ikkje er EØS-borgar, jf. utlendingslova § 114 andre ledd og utlendingsforskrifta § 19-16

1. Innleiing

2. Opphald i inntil tre månadar

2.1. Felles vilkår for begge grupper

2.2. Tenesteytar

2.3. Etablerar

3. Opphald i meir enn tre månadar

4. Opphaldskort

4.1. Dokumentasjonskrav

4.2. Innhaldet til opphaldskortet

4.3. Bortvising og utvising

1. Innleiing

Dette rundskrivet omhandlar opphaldsretten til tenesteytar og etablerar som ikkje er EU-/EØS-/EFTA-borgar (EØS-borgar), men som er arbeidstakar i eit EU-/EØS/EFTA- land (EØS-land) . Reglane for tredjelandsborgarar er å finne i utlendingslova kapittel 13, jf. utlendingsforskrifta kapittel 19 (EØS-regelverket).

Formålet med både tenesteyting og etablering skal vere å opphalde seg i Noreg i ein avgrensa periode, og returnere til det landet ein blir utsendt frå, når tenesta er utført eller etableringa er gjennomført.

2. Opphald i inntil tre månadar

Tredjelandsborgar som er arbeidstakar i eit føretak som er etablert i eit anna EØS-land, og som skal:

a) arbeide i Noreg etter reglane om fri flyt av tenester i EØS-avtalen eller
b) etablere seg i Noreg etter reglane om etableringsrett i EØS-avtalen, jf. utlendingslova § 110 fjerde ledd, har rett til opphald i inntil tre månadar utan å søkje om eit opphaldskort, jf. utlendingslova § 111 andre ledd andre punktum.

2.1. Felles vilkår for begge grupper

Det er eit vilkår at vedkommande har eit gyldig pass. Det er vidare eit vilkår at personen har lovleg opphald i det EØS-landet han eller hun er utsendt frå og at vedkommande har tilgang til å returnere til dette landet etter opphaldet i Noreg.

Det er også eit vilkår at etableringa skal gjelde ei næringsverksemd. Omgrepet næringsverksemd skal tolkast vidt. Hovudregelen er at aktiviteten må vere av økonomisk art, men det er ingen krav om at den har til formål å oppnå profitt eller gevinst. Eit døme på dette er aktivitetar til ein religiøs organisasjon så lenge drifta er av økonomisk art.

Det blir ikkje stilt krav om kor lenge ein arbeidstakar må ha vore tilsett i føretaket før vedkommande blir sendt ut for eit oppdrag i eit anna EØS-land.

For å ha opphaldsrett i tre månadar, må ein tredjelandsborgar som er tenesteytar eller etablerar, ikkje bli ein urimeleg byrde for offentlege velferdsordningar, jf. utlendingslova § 111 andre ledd, jf. første ledd.

2.2. Tenesteytar

Av prinsippet om fri flyt av tenester følgjer det at føretaket som leverar tenestene, har rett til å bruke sine eigne tilsette som eit ledd i tenesteytinga, uavhengig av nasjonaliteten til arbeidstakaren.

Tenesteytinga skal vere mellombels. Om ytinga er mellombels eller varig må ein vurdere konkret.

Omgrepet tenesteytar omfattar berre utsendte arbeidstakarar, det vil seie at sjølvstendige oppdragstakarar ikkje er omfatta. Ein utsendt arbeidstakar blir rekna som tenesteytar når arbeidstakaren blir sendt frå eit firma i eit anna EØS-land til Noreg. Utsending av arbeidskraft kan skje på fleire måtar, til dømes som ledd i gjennomføring av ein kontrakt eller som utleie av arbeidskraft.

Utsendinga av arbeidstakaren må vere eit ledd i ei tenesteyting med avgrensa varigheit. Vidare må den utsendte medarbeidaren vere ein del av den permanente arbeidsstyrken, jf. utlendingsforskrifta § 19-8 andre ledd. Med andre ord er det ikkje nok at vedkommande berre er tilsett i eit selskap for å utføre tenester i andre EØS-land.

2.3. Etablerar

For å kome inn under begrepet “etablerar” må fleire vilkår vere oppfylt. Vedkommande må vere arbeidstakar i eit føretak etablert i eit anna EØS-land enn Noreg og ha lovleg opphald i dette landet. I samsvar med dommen i saka Centros (C-212/97) er det utan relevans at eit selskap er oppretta i eit medlemsland utelukkande for å bli i stand til å etablere selskap i eit anna medlemsland. Dette gjeld sjølv om den største delen av verksemda til selskapet blir utøvd i det selskapet som er etablert i Noreg. Årsaka til at ein vel å stifte eit selskap i eit bestemt medlemsland er altså utan relevans for bruken av reglane om retten til å etablere seg.

  • Etableraren må :ha ei leiarstilling i føretaket eller
  • ha ein spesiell kompetanse som er avgjerande for at føretaket skal kunne etablera seg i Noreg, jf. utlendingsforskrifta § 19-8 tredje ledd

3. Opphald i meir enn tre månadar

Tenesteytarar og etablerarar har opphaldsrett i meir enn tre månadar så lenge dette skjer som ledd i utøvinga av ei teneste eller det er nødvendig for etableringa av ei verksemd i riket, jf. utlendingslova § 114 andre ledd. Vilkåra som er skildra i punkt 2 med underpunkt, må framleis vere oppfylt, jf. utlendingsforskrifta § 19-16.

4. Opphaldskort

Ved opphald utover tre månadar skal ein tenesteytar eller etablerar søkje om opphaldskort, jf. utlendingslova § 118 første og tredje ledd, jf. utlendingsforskrifta § 19-24. Rutinar for søknad om oppholdskort går fram av rundskriv RS 2011-035.

4.1. Dokumentasjonskrav

  • gyldig pass
  • dokumentasjon på lovleg opphald i det landet som søkjaren er utsendt frå (opphaldsløyve eller opphaldskort)
    Det må i tillegg dokumenterast at søkjaren har tilgang til å returnere til dette landet etter opphaldet i Noreg.

Tenesteytar

  • oppdragskontrakt mellom det utanlandske selskapet som søkjaren er tilsett i og oppdragsgjevaren i Noreg som inneheld opplysningar om varigheita
    Det kan i nokon tilfelle vere tilstrekkeleg med eit skriv frå oppdragsgjevar i Noreg på eit konkret oppdrag og varigheita av dette oppdraget. Det er ikkje eit krav at arten av tenesteytinga blir dokumentert.
  • tilsetjingskontrakt mellom tenesteytaren og den utanlandske arbeidsgjevaren

Etablerarar

  • tilsetjingskontrakt
  • dokumentasjon på at søkjaren har ei leiarstilling eller har ein spesiell kompetanse som er avgjerande for etableringa i Noreg når dette ikkje fremgår av tilsetjingskontrakten
    Til dømes kan dette vere dokumentasjon på arbeidserfaring eller utdanning, eventuelt skriv frå ein leiar i selskapet.
  • dokumentasjon på at føretaket vedkommande er tilsett, skal etablera seg i Noreg
    Dette kan til dømes vere utskrift frå Brønnøysundregistra eller forretningsplanar.

4.2. Innhaldet til opphaldskortet

Opphaldskortet er dokumentasjon på at personen har opphaldsrett i Noreg.

Opphaldsretten som tenesteytar eller etablerar dannar ikkje grunnlag for varig opphaldsrett og heller ikkje for familieinnvandring, jf. utlendingsforskrifta § 19-16 andre ledd.

Fornying av opphaldskortet skal ein søkje om før utløpet av det gjeldande opphaldskortet hos politiet eller eit Servicesenter for utanlandske arbeidstakarar. Søknad om fornying vil bli behandla innan seks månadar etter at fullstendig søknad er levert.

4.3. Bortvising og utvising

Tenesteytarar og etablerarar som ikkje har opphaldsrett etter reglane i utlendingslova § 111 andre ledd eller § 114 andre ledd, kan bortvisast etter reglane i utlendingslova §§ 17 og 18 og utvisast etter reglane i utlendingslova kapittel 8, jf. utlendingsforskrifta § 19-5 andre ledd.

 

Karl Erik Sjøholt
avdelingsdirektør

Kontakt: Oppholdsavdelinga, Arbeidseininga

Utlendingsdirektoratet
Norwegian Directorate
of Immigration

Postboks 8108 Dep.
0032 Oslo
Telefon: 23 35 15 00.

Kontakt UDI

Ansvarlig redaktør: Stephan Mo
Kontakt nettredaksjonen