Til startsiden
  • Personvern
  • Arkiv
  • Nettstedskart
  • Kontakt oss
  • Skriv ut
  • Skriv ut
  • Endre tekststørrelse
English

Underrettsavgjørelser

Dokument-ID : LB-2013-147437
Dokumentdato : 08.09.2014

Beskyttelse/asyl. Beviskrav ved endret forklaring. Utl. § 28 første ledd.

Lagmannsretten kom til at Utlendingsnemndas vedtak om å avslå søknader om asyl var gyldige. Det same gjaldt seinare vedtak om å nekta omgjering. Lagmannsretten drøfta innhaldet i beviskravet der asylsøkjaren har endra eller tilpassa forklaring undervegs i saksgangen, jf. Rt-2011-1481. Lagmannsretten kom til at det ikkje var noka plausibel årsak til endringane i forklaringa. Det blei såleis lagt til grunn at Utlendingsnemnda hadde bygd på riktig faktum. Asylsøkjarane hevda at dei hadde uansett hadde krav på vern på grunnlag av tilknyting til separatistrørsla LTTE i heimlandet. Lagmannsretten kom til at det ikkje låg føre ein slik fare ved retur til heimlandet at vilkåra for vern var oppfylt etter utlendingslova § 28 første ledd.

Saka gjeld rettsleg prøving av vedtak i Utlendingsnemnda om å avslå søknader om asyl.

B, fødd 0.0.1951, og ektefellen A, fødd 0.0.1956, kom til Noreg 17. oktober 2009. Saman med dei kom også dottera C, fødd 0.0.1988. Alle tre søkte om asyl. Søknadene blei registrert 18. oktober 2009. Av registreringa går det fram at dei hadde med seg nasjonale identitetskort, at dei er tamilar og statsborgarar av Sri Lanka.

Då søknaden blei registrert, opplyste B at han hadde betalt ein agent for å ta seg av reisa til Noreg. Reisa starta 20. juli 2009 frå leiren Ananthakumarasamy i Vavuniya, i den nordlege delen av Sri Lanka. B opplyste at han søkte asyl fordi han hadde ein son som sat fengsla i Colombo, og at den lankesiske hæren difor var på utkikk etter dei andre medlemene av familien. Han forklarte vidare at han hadde ein annan son som hadde flykta til Malaysia etter å ha blitt arrestert på Sri Lanka fleire gonger. B forklarte at han sjølv ikkje hadde vore politisk aktiv i heimlandet og at det ikkje var andre grunnar til at han søkte om asyl. Den omtalte sonen som var fengsla, var mistenkt for å stå bak drapet på eit medlem av parlamentet (D) på Sri Lanka.

Då søknaden blei registrert, gav A og C i hovudsak tilsvarande opplysningar om asylgrunnlaget som B. Det kom også fram at den lankesiske hæren hadde plaga personar som var i leiren i Vavuniya, og at det ikkje var trygt i leiren, særleg ikkje for unge kvinner.

I asylintervju 12. november 2009 opplyste B at han i perioden 2002-2008 hadde hatt deltidsjobb for radiostasjonen «Voice of Tigers» og at han i heimlandet difor ville bli oppfatta som ein person som støtta LTTE. LTTE er ei forkorting for «Liberation Tigers of Tamil Eelam», også omtalt som «Tamiltigrane», ei separatistrørsle på Sri Lanka.

I asylintervju 13. november 2009 opplyste A at ektefellen hadde arbeidd for radiostasjonen «Tigrenes stemme» i 2006 med å laga barneprogram.

I tre separate vedtak 10. februar 2010 avslo Utlendingsdirektoratet søknadene om asyl. I brev 26. april 2010 frå advokat Bengt Høyer Pedersen blei alle tre vedtaka klaga inn for Utlendingsnemnda. Det blei gjort gjeldande at Utlendingsdirektoratet hadde tatt feil når det var bygd på at B berre hadde ei laus tilknyting til LTTE.

Klagesakene blei avgjort ved tre separate vedtak i Utlendingsnemnda 4. november 2011. Ingen av klagane blei tatt til følgje.

I brev 13. desember 2011 frå advokat Asgeir Thomassen kravde alle tre omgjering av vedtaka til Utlendingsnemnda. Det blei vist til ei ny skriftleg fråsegn frå B der det blei gjeve nye opplysningar om kva rolle han hadde hatt i radiostasjonen. Det blei også gjeve nye opplysningar om at dottera C hadde deltatt i radioprogram, og at ho dessutan hadde arbeidd i ein bank og i ein fjernsynsstasjon med tilknyting til LTTE.

I vedtak 4. desember 2012 frå Utlendingsnemnda blei krav om omgjering ikkje tatt til følgje.

Ved stemning 13. desember 2012 til Oslo tingrett kravde alle tre fastsettingsdom for at Utlendingsnemndas vedtak var ugyldige.

Oslo tingrett sa 2. juli 2013 dom med slik domsslutning:

1. Staten v/Utlendingsnemnda frifinnes.
2. B, A og C dømmes til in solidum og innen 2 - to - uker fra forkynnelse av dommen å betale sakskostnader til staten v/Utlendingsnemnda med kr 62 500,- - kronersekstitotusenfemhundre 00/100 -.

Nærare detaljar om sakstilhøvet går fram av tingrettens dom og lagmannsrettens merknader nedanfor.

B, A og C har i rett tid anka dommen til Borgarting lagmannsrett. Ankeforhandling blei halde 20., 21. og 22. august 2014 i Borgarting lagmannsretts hus. Ankande partar møtte saman med sin prosessfullmektig og gav forklaring. I tillegg gav fem vitne og to sakkunnige vitne forklaring. Som sakkunnig vitne for dei ankande partane møtte professor Øyvind Fuglerud forklaring. Som sakkunnig vitne for ankemotparten møtte landrådgjevar i Landinfo, Geir-Aage Neerbye. Nærare detaljar om bevisføringa går fram av rettsboka. 

Ankande partar, B, A og C, har i hovudsak gjort gjeldande:

Utlendingsnemndas vedtak 4. november 2011 og 4. desember 2012 byggjer på feil faktum. Det riktige er at B høyrde til den indre kjernen av LTTE. Han hadde ein framskoten posisjon, som korkje han, ektefellen eller dottera våga å forklara seg om då dei kom til Noreg.

Lagmannsretten må byggja på den forklaringa som B i dag gjev. Forklaringa er truverdig. At ein son sit fengsla på Sri Lanka og er dømd til dødsstraff, forsterkar behovet for vern.

B arbeidde først deltid for radiostasjonen, men frå 2002 arbeidde han full tid. Han var radiokoordinator og nestleiar ved stasjonen. Leiaren av stasjonen blei drepen i krigen. B hadde tilgang til leiaren i LTTE, og hadde blant anna ansvar for å innhenta opptak av politiske talar som seinare blei brukt av radiostasjonen. B var ansvarleg for oppbevaring av dokumentasjon. Ved avsluttinga av krigen var han med på å grava dette materialet ned. Han har mykje kunnskap om krigshandlingane, noko som gjer at han vil vera av interesse for styresmaktene på Sri Lanka.

Forklaringa til B blir styrkt av ei rekkje vitneforklaringar i lagmannsretten. Vitnet E var nestleiar i fredssekretariatet til den tamilske separatistrørsla. E stadfesta at B hadde rolla som radiokoordinator. E var sjølv hos B for å få informasjon om krigshandlingane. Eit anna vitne, F, var gift med leiaren av fredssekretariatet, som blei drepen ved avsluttinga av krigen. Dette vitnet stadfesta også at B hadde ei sentral stilling ved radiostasjonen. Det same gjorde vitnet G, som tidlegare arbeidde som journalist på Sri Lanka. Vitnet forklarte at han under krigen måtte via den politiske leiinga i LTTE for å få kontakt med B.

Fotografi som dei ankande partane har lagt fram, underbyggjer også forklaringa til B.

Når det gjeld dottera C, må lagmannsretten leggja til grunn at ho arbeidde i radio, fjernsyn og bank knytt til LTTE. Dette blir støtta av fotografi og vitneforklaringar.

Det finst ei plausibel forklaring på at ikkje alle opplysningane kom fram i 2009 då det blei søkt om asyl. Dei ankande partane var prega av krigshandlingane på Sri Lanka. Dei var redde for at tolkane kunne gje informasjon vidare og på den måten setja familien i fare. Det blir vist til skriftleg vurdering frå dr. Odd Henning Hellesøy, spesialist i psykiatri ved Senter for krisepsykologi, som har konkludert med at alle tre var sterkt traumatisert då dei kom til Noreg. Hellesøy slår fast at dei ankande partane oppfyller alle kriteria for diagnosen posttraumatisk stressliding (PTSD).

Det var først då B kom i kontakt med ei søster som er busett i Bergen at han våga å koma med fullstendige opplysningar. Søstera fungerte som tolk. Det må leggjast vekt på at B kom frå ein kultur der han var opplærd til å røpa minst mogleg. Det er ikkje unaturleg at han vegra seg for å gje detaljert informasjon då han kom til Noreg. Det var tale om sensitive opplysningar som kunne setja andre personar i fare.

Det er ikkje omstende knytt til flukta frå Sri Lanka som er eigna til å svekkja truverdet til dei ankande partane. Dei har forklart at dei ikkje måtte legitimera seg då dei kom til leiren i Vavuniya. I denne fasen var det kring 300 000 menneske der. Det seier seg sjølv at det var uråd for styresmaktene å gjennomføra registrering av identiteten til kvar einskilt. Familien klarte å flykta frå leiren før identiteten deira blei avslørt. Dei var innkalla til avhøyr, men klarte å flykta i siste liten. Forklaringane deira om fluktruta må leggjast til grunn som truverdig. Dei betalte ein agent. Begge dei sakkunnige vitna har forklart at Sri Lanka er eit land med ein utprega korrupsjonskultur. På denne bakgrunnen er det truverdig når dei ankande partane forklarer at dei klarte å flykta sørover utan å måtta visa legitimasjon på kontrollpostar.

Når det gjeld det rettslege beviskravet i asylsaker, viser ankande partar til Rt-2011-1481, avsnitt 35-43. Tvil skal koma flyktningen til gode. Når det gjeld risikovurderinga knytt til ein retur til heimlandet, viser ankande partar til NOU 2004:20 side 118-119. I eit tilfelle som dette - der det er fare for alvorlege overgrep - kan det ikkje stillast strenge krav til den konkrete sjansen for at faren skal materialisera seg.

Dersom lagmannsretten kjem til at Utlendingsnemnda har bygd på feil faktum, skal vedtaka kjennast ugyldige. Det blir vist til at staten har slutta seg til at dette i så fall må bli konsekvensen.

Subsidiært - for det tilfellet at lagmannsretten kjem til at vedtaka til Utlendingsnemnda byggjer på riktig faktum knytt til asylforklaringane - blir det gjort gjeldande at vedtaka uansett må kjennast ugyldige fordi det ligg føre ein uakseptabel risiko ved retur til heimlandet. Vilkåra for vern er oppfylt etter utlendingslova § 28 første ledd bokstav a, eller alternativt etter bokstav b.

I tillegg til B si tilknytting til LTTE, slik denne er skildra av Utlendingsnemnda, blir det vist til at eit nært familiemedlem (son/bror) er dømd for drap på ein politikar på Sri Lanka. Denne saka har blitt mykje omtalt i media. Det sakkunnige vitnet Fuglehaug forklarte at dette fører til at det er vanskeleg å vita kva familien har i vente ved ein eventuell retur til heimlandet. Ein annan son/bror har no flykta til Malaysia etter at han først blei arrestert fleire gonger på Sri Lanka. Familien er såleis i søkelyset til dei singalesiske styresmaktene. Det er risiko for at familien vil bli brukt som pressmiddel for å få ut informasjon av sonen/broren som sit fengsla.

Når det særskilt gjeld situasjonen til C, blir det gjort gjeldande at kvinner er usett for forfølging og seksualisert vald på Sri Lanka. Kvinner som er tamilar, er særleg utsett. Familien hennar vil ikkje kunne verna henne mot denne risikoen.

Det er lagt ned slik påstand:

1. Utlendingsnemndas vedtak av 04.11.2012 samt UNEs senere beslutninger av 04.12.2012 om å ikke omgjøre vedtaket av 04.11.2012, er ugyldige.
2. Staten v/UNE dømmes til å betale saksomkostningene for så vel tingrett som lagmannsrett. 

Ankemotparten, staten v/Utlendingsnemnda, har i hovudsak gjort gjeldande:

Sjølv om lagmannsretten har full prøvingsrett i asylsaker, bør retten vera tilbakehalden der det er tale om vurderingar som krev særleg kunnskap om lokale tilhøve. Dette gjeld all den tid vurderinga til forvaltninga synest forsvarleg.

Når det gjeld beviskravet ved vurderinga av asylforklaringane, viser staten til NOU 2004:20 side 117-118, Rt-2011-1481 avsnitt 45-46 og Borgarting lagmannsretts dom 22. desember 2011 (LB-2011-23448) side 7. Forklaringane til dei ankande partane har fleire gonger blitt supplert undervegs i saksgangen, noko som svekkjer truverdet deira.

Vedtaka til Utlendingsnemnda byggjer på riktig faktum. I asylintervjuet forklarte B at han hadde arbeidd deltid for radiostasjonen. Ektefellen opplyste at B hadde arbeidd der i 2006 med å laga barneprogram. Dottera C forklarte ingenting om at ho eller faren hadde tilknyting til LTTE.

Den utviklinga som har skjedd i forklaringane, er påfallande. Forklaringa til B i lagmannsretten er annleis enn den forklaringa han gav i tingretten. Han opplyser no at han var nestleiar i radioen, noko som er heilt nytt. Då det blei kravd omgjering av Utlendingsnemndas vedtak, skildra B stillinga som «radiokoordinator». Det var ingenting ved denne skildringa som tilsa at han oppfatta seg som nestleiar av radioen.

Lagmannsretten må leggja til grunn at forvaltninga korrekt skildra at B hadde ein funksjon i radiostasjonen i perioden 2002-2008, men at han ikkje var nokon sentral person innanfor propagandaapparatet til LTTE.

Det kan heller ikkje leggjast til grunn at dottera C har slik tilknyting til LTTE som hevda i kravet om omgjering, og som ho no har gjentatt for domstolane. Det er tale om ei rein utbygging av asylforklaringa hennar.

Det kan ikkje leggjast vekt på forklaringane i lagmannsretten frå dei vitna som har støtta familien. Vitna har bindingar til familien. Vitna har kome på banen etter at familien fekk avslag i Utlendingsnemnda. Det er nærliggjande å tru at det er tale om vitne som ynskjer å hjelpa familien til å få asyl i Noreg.

Dei fotografia som er lagt fram, er utan bevisverdi. Utlendingsnemnda har bygd på at B hadde ei tilknyting til radioen. Fotografia viser ikkje meir enn dette. At han på eitt av fotografia mottar ein diplom frå leiaren av LTTE, endrar ikkje denne vurderinga.

Først etter å ha vore to år i Noreg og etter ha mottatt endeleg avslag frå Utlendingsnemnda, kom dei ankande partane med nye opplysningar om tilknytinga til LTTE. Det er ikkje truverdig når dei hevdar at dei venta så lenge fordi dei var prega av krigen og mangla tillit til tolkane. Då dei klaga til Utlendingsnemnda over vedtaket til Utlendingsdirektoratet, hevda dei at direktoratet hadde tatt feil når tilknytinga til LTTE var omtalt som «løs». Når dei argumenterte på denne måten, er det vanskeleg å forstå kvifor dei samstundes skulle la vera å gje fullstendige opplysningar om eigne roller. På dette tidspunktet hadde dei vore meir enn eit halvt år i Noreg.

Den skriftlege forklaringa til dr. Hellesøy har liten bevisverdi. Staten stiller spørsmålsteikn ved på kva grunnlag dr. Hellesøy har høve til å fastsetja diagnosar som dei ankande partane skal ha hatt då dei kom til Noreg - fleire år tilbake i tid. Når dr. Hellesøy kjem til at dei ankande partar oppfylte vilkår for PTSD, byggjer han på heilt andre faktiske opplysningar enn kva Utlendingsnemnda har gjort.

Lagmannsretten må leggja til grunn at familien før avreise til Noreg var gjennom omfattande kontrollar utan at dette utløyste reaksjonar frå styresmaktene på Sri Lanka. Staten viser til vitneforklaringa til landrådgjevar Neerbye. Det reduserer truverdet til dei ankande partane at dei har endra forklaring om kva som skjedde ved kontrollposten Medawachchiya under flukta frå leiren. Vitnet Neerbye forklarte at det ved denne posten i den aktuelle tidsperioden blei utført så grundige kontrollar at det tok minst to og ein halv time å passera. Det må difor leggjast til grunn at styresmaktene på Sri Lanka kjente og kjenner familien, og i kva grad familien er knytt til LTTE. Opphaldet i leiren og reisa frå denne viser at det ikkje er nokon fare for at familien skal bli forfølgd i dag.

Utlendingsnemnda har skildra dei faktiske omstenda korrekt, og basert på denne skildringa har familien ikkje behov for vern. For å ha krav på vern som flyktning, må det vera fare for slike alvorlege krenkingar som skildra i utlendingslova § 29. Det er ikkje slik at alle brot på grunnleggjande menneskerettar utgjer «forfølgelse» etter utlendingslova, jf. Ot. prp. nr 75 (2006-2007) punkt 5.2.2.1 og side 415.

Etter 2012 har det ikkje vore noko apparat for kontroll av tamilar på Sri Lanka. Styresmaktene sitt fokus er på personar som blir vurdert som ein fare for den generelle tryggleiken, eller personar som har hatt ei særskilt sentral rolle i LTTE. Dei ankande partane høyrer ikkje til i nokon av desse gruppene.

Når det gjeld utlendingslova § 28 første ledd bokstav b, skal det relativt mykje til før dette alternativet gjev krav på vern. Staten viser til omtale i NOU 2004:20 side 130-131. Staten finn grunn til å stilla spørsmålsteikn ved om det stemmer at det er ankande partars son/bror som faktisk er arrestert og dømd til dødsstraff på Sri Lanka. Det er ikkje fullt samsvar mellom kva ankande partar har opplyst og det som går fram av andre kjelder. Uansett står ikkje dei ankande partane i slik fare som skildra i utlendingslova § 28 første ledd boktav b. Etterforskinga av drapet på den omtalte politikaren er avslutta på Sri Lanka. Staten viser til vitneforklaringa til landrådgjevar Neerbye.

Det omstendet at C er ung kvinne og tamil, inneber ikkje at ho har krav på vern som flyktning. Ho har ein familie som kan ta seg av henne. Ho er ikkje blant dei som er særleg utsett i heimlandet.

Det er lagt ned slik påstand:

1. Anken forkastes.
2. Staten v/Utlendingsnemnda tilkjennes sakskostnader for lagmannsretten. 

Lagmannsrettens merknader:

Spørsmålet i saka er om dei ankande partane har krav på vern som flyktningar etter utlendingslova § 28 første ledd bokstav a eller bokstav b. Ved prøvinga av om vedtaka til Utlendingsnemnda er gyldige, skal lagmannsretten byggja på faktum på dei respektive tidspunkta for vedtak, jf. Rt-2012-1985 avsnitt 81 og 98. Det er likevel høve til å leggja vekt på nye bevis som kastar lys over situasjonen på vedtakstidspunkta.

Utlendingslova § 28 første ledd bokstav a og b har slik ordlyd:

En utlending som er i riket eller på norsk grense, skal etter søknad anerkjennes som flyktning dersom utlendingen

a) har en velbegrunnet frykt for forfølgelse på grunn av etnisitet, avstamning, hudfarge, religion, nasjonalitet, medlemskap i en spesiell sosial gruppe eller på grunn av politisk oppfatning, og er ute av stand til, eller på grunn av slik frykt er uvillig til, å påberope seg sitt hjemlands beskyttelse, jf. flyktningkonvensjonen 28. juli 1951 artikkel 1 A og protokoll 31. januar 1967, eller

b) uten å falle inn under bokstav a likevel står i reell fare for å bli utsatt for dødsstraff, tortur eller annen umenneskelig eller nedverdigende behandling eller straff ved tilbakevending til hjemlandet.

Utlendingsnemnda har i alle vedtak lagt til grunn at B har hatt «beskjeden» tilknyting til LTTE. Utlendingsnemnda har ikkje festa lit til dei supplerande opplysningane som B gav om eiga tilknyting til LTTE og radiostasjonen «Voice of Tigers» i ei skriftleg fråsegn som var vedlagt kravet om omgjering datert 13. desember 2011. Utlendingsnemnda har vidare i alle vedtak lagt til grunn at dottera C ikkje har noka sjølvstendig tilknyting til LTTE. Utlendingsnemnda har sett bort frå opplysningar om at C skal ha arbeidd for bank, fjernsynsstasjon og radiostasjon knytt til den tamilske separatistrørsla. Desse opplysningane blei første gong gjeve av ankande partar i krav om omgjering datert 13. desember 2011.

Den første problemstillinga for lagmannsretten er om Utlendingsnemnda har bygd på feil faktum ved at den ikkje la til grunn eit faktum i samsvar med ankande partars eigne forklaringar om kva tilknyting B og C har til separatistrørsla på Sri Lanka - med det innhald forklaringane hadde då krav om omgjering blei sett fram, og som har blitt noko utdjupa for lagmannsretten.

Partane er samde om at dersom lagmannsretten kjem til at Utlendingsnemnda skulle ha lagt til grunn at B og/eller C hadde ei sterkare faktisk tilknyting til separatistrørsla, så skal vedtaka til Utlendingsnemnda kjennast ugyldige.

Problemstillinga for lagmannsretten er såleis om dei opplysningane som ankande partar i dag gjev ut frå ei samla vurdering av bevisa er truverdige i ein slik grad at forvaltninga pliktar å leggja opplysningane til grunn.

Før lagmannsretten drøftar dei konkrete bevisa, vil lagmannsretten gjera greie for det rettslege innhaldet i beviskravet i asylsaker. Kravet er omtalt i Rt-2011-1481. Saka gjaldt prøving av eit vedtak om å avslå søknad om asyl frå eit iransk ektepar. Den mannlege parten hadde under saksgangen endra forklaring. Høgsterett kom til at vedtaket til Utlendingsnemnda var gyldig. I dommen avsnitt 35-43 går førstvoterande gjennom sentrale rettskjelder knytt til innhaldet i beviskravet: Forarbeida til 1988-lova, forarbeida til 2008-lova og FNs Høgkommissær for Flyktningars handbok om prosedyrar for å fastsetja rettsstillinga til flyktningar. Etter denne gjennomgangen gjev førstvoterande ei oppsummering av rettstilstanden i avsnitt 45 og 46:

Ved vurderingen av om det foreligger en reell fare for forfølgelse, skal asylforklaringen legges til grunn så langt den fremstår som noenlunde sannsynlig, og søkeren selv har medvirket til å opplyse saken så langt det er rimelig og mulig. Asylsøkerens generelle troverdighet er et relevant moment som skal tas i betraktning. Det kreves ikke sannsynlighetsovervekt for at forklaringen er riktig. I den forbindelse må konsekvensene av en eventuell uriktig avgjørelse i asylsøkerens disfavør vurderes. Jo alvorligere konsekvensene fortoner seg, jo mindre skal det til for å gi vedkommende beskyttelse.

Konkret utleder jeg av dette at eventuelle selvmotsigelser, uklarheter og utelatelser i forklaringen, som ikke kan begrunnes på tilfredsstillende måte, kan få betydning for bevisvurderingen. Forklaringer som gradvis tilpasses, eller suppleres av nye forhold som tidligere ikke har vært nevnt, vil lett bidra til å svekke den generelle troverdigheten. Dette vil særlig være tilfellet der forklaringen endres etter at det grunnlaget som først ble påberopt, viser seg ikke å føre frem.

Det heiter innleiingsvis i sitatet at asylforklaringa skal leggjast til grunn så langt denne kan reknast som «noenlunde sannsynlig». Samanhalde med dei andre premissane i avsnitt 45 og 46, går det likevel fram at dette utgangspunktet ikkje gjeld i absolutt alle saker. I tilfelle der asylsøkjaren har late vera å medverka til å opplysa saka på rimeleg måte, til dømes ved at asylsøkjaren ikkje på rimeleg måte har medverka til å avklara eigen identitet, uttaler førstvoterande i klartekst at utgangspunktet om «noenlunde sannsynlig» ikkje gjeld. Dette går fram av atterhaldet i avsnitt 45 første setning.

Lagmannsretten nemner for ordens skuld at det ikkje er haldepunkt for at dei ankande partane har late vera å medverka til å opplysa saka. Dette alternativet gjev såleis ikkje grunnlag for å fråvika utgangspunktet om «noenlunde sannsynlig» for dei ankande partane.

Lagmannsretten meiner at premissane i Rt-2011-1481 ikkje kan oppfattast slik at den rettslege forklaringa til asylsøkjaren alltid skal leggjast til grunn der denne forklaringa isolert sett - lausrive frå kva asylsøkjaren har forklart tidlegare - kan reknast som «noenlunde sannsynlig». Dette fordi det kan liggja føre omstende knytt til den tidlegare saksgangen som svekkjer truverdet til asylsøkjaren i kvalifisert grad. Om ein i slike tilfelle vil seia at den rettslege forklaringa ikkje er «noenlunde sannsynlig», eller om utgangspunktet «noenlunde sannsynlig» ikkje passar, kan i alle fall eit stykke på veg vera eit spørsmål om val av terminologi - utan at det inneber reell skilnad i innhaldet i det rettslege beviskravet.

Lagmannsretten meiner at Høgsteretts gjennomgang av relevante rettskjelder, omtalt i Rt-2011-1481 avsnitt 35-43, er eit viktig bakgrunnsteppe når uttrykket «noenlunde sannsynlig» skal nyttast i ei konkret sak. Lagmannsretten meiner at det ut frå dommen avsnitt 35-43 går klart fram at det uansett skal skje ei fri bevisvurdering der det skal leggjast vekt på alt tilgjengeleg bevismateriale og der truverdet til asylsøkjaren står sentralt. I dette ligg at det ikkje alltid vil vera nok til å oppfylla beviskravet at den rettslege forklaringa isolert sett er «noenlunde sannsynlig».

I Rt-2011-1481 avsnitt 46, andre og tredje setning, peiker førstvoterande på at forklaringar som «gradvis tilpasses» eller «suppleres» lett vil svekkja det generelle truverdet til asylsøkjaren. Særleg gjeld dette når forklaringa blir endra etter at forvaltninga har avslått ein søknad om asyl. Høgsterett har såleis trekt fram at det normalt svekkjer truverdet når ei asylforklaring blir endra eller tilpassa etter at det er treft vedtak i søkjarens disfavør. Dette skal domstolen leggja vekt på.

Etter lagmannsrettens syn gjev uttrykket «noenlunde sannsynlig» språkleg sett lite konkret rettleiing i saker der asylsøkjaren har endra eller tilpassa forklaringa på sentrale punkt. I slike tilfelle meiner lagmannsretten at det sentrale vurderingstemaet blir om det finst ei plausibel årsak til kvifor forklaringa har blitt endra eller tilpassa. I mangel av ei plausibel årsak vil utfallet kunna bli at den rettslege forklaringa til asylsøkjaren ikkje kan reknast som «noenlunde sannsynlig». Lagmannsretten viser i denne samanhengen til at uttrykket «noenlunde sannsynlig» frå Høgsteretts side er meint som ei oppsummering av rettstilstanden, ikkje som eit sjølvstendig rettsleg vilkår som endrar det som følgjer av andre rettskjelder på området. Lagmannsretten viser her til Borgarting lagmannsretts dom 22. desember 2011 (LB-2011-23448). Det heiter blant anna i denne dommen på side 7:

Det kan diskuteres hvordan dette beviskravet er å forstå idet ordet noenlunde rent språklig ikke gir særlig veiledning. Ut fra den sammenheng avsnitt 45 i dommen er skrevet i, særlig de forutgående avsnitt i dommen, legger lagmannsretten til grunn at Høyesterett ikke har ment å lempe eller skjerpe, men å oppsummere det beviskrav som følger av loven og forarbeidene.

Lagmannsretten går etter dette over til den konkrete bevisvurderinga knytt til asylforklaringane.

Ved registrering av asylsøknaden 18. oktober 2009 sa B ingenting om at han sjølv hadde tilknyting til LTTE. På spørsmål om kvifor han søkte asyl, svarte han at det var på grunn av sonen som var fengsla i Colombo og fordi styresmaktene på dette grunnlaget leita etter resten av familien. På direkte spørsmål om det var andre grunnar til at han søkte asyl, svarte han «nei». Heller ikkje ektefellen eller dottera hans gav ved registreringa opplysningar som tilsa at dei ankande partane hadde noka sjølvstendig tilknyting til LTTE.

Den 21. oktober 2009 fylte B ut skjema omtalt som «egenerklæring». I dette skjemaet skildra han grunnlaget for søknaden slik:

Jeg kan bli arrestert og utsatt for tortur i fengsel. Årsaken til dette er at jeg ordnet sending på radio, og dessuten ble min sønn arrestert i forbindelse med skyteepisoden i Colombo og er fortsatt i fengsel. Jeg har fått vite at både meg og familien er etterlyst på grunn av dette.

I asylintervju 12. november 2009 gav B ei meir detaljert skildring av tilknytinga til LTTE. Han forklarte at han hadde arbeidd deltid for radiostasjonen frå 2002 til 2008. Når det gjeld dei konkrete arbeidsoppgåvene hans i radioen, heiter i asylintervjuet:

I hver landsby er det mange organisasjoner og forskjellige lag. Lag for de som jobber på sjøen, lag for kvinner som syr og kvinneforeninger, og barnehager og skoler. Jeg var der, og jeg møtte på disse stedene og tok opp forskjellige artister, skuespillere og sangere. Og de som kunne fortellinger. Jeg møtte i hver landsby, jeg måtte lage program på 20 minutter. Jeg var i hver eneste landsby og tok opptak. Jeg tok opptak og leverte til radioprogrammet.

I asylintervju 13. november 2009 forklarte ektefellen til B at B hadde arbeidd for radioen i 2006 med å laga barneprogram. Det kom ikkje fram opplysningar om at B hadde arbeidd for LTTE eller radiostasjonen utover dette.

I asylintervju 10. november 2009 forklarte dottera C ingenting om at ho sjølv eller faren hadde arbeidd for radiostasjonen eller andre einingar med tilknyting til LTTE.

Utlendingsdirektoratet avslo 10. februar 2010 søknadene om asyl. I klagen til Utlendingsnemnda blei det gjort gjeldande at B hadde ei sterkare tilknyting til LTTE. I klagen heitte det:

I sin jobb for radiostasjonen til tigrene, var Bs mye ute blant folk og fremskaffet informasjoner til bruk i radioen. Han hadde sending hver dag i hele perioden, og er en kjent person blant folk. Myndighetene kjenner til hans jobb og aktivitet i radioen, og i deres øyne er han en av tigrene.

Etter at Utlendingsnemnda hadde avslått klagene i vedtak 4. november 2011, kom dei ankande partane med nye opplysningar i saka i samband med krav om omgjering datert 13. desember 2011. Det blei opplyst at B også før 2002 hadde arbeidd for radioen, men på deltid. Det blei vidare opplyst at han etter 2002 hadde arbeidd fulltid for radioen. Det blei forklart at han hadde fått opplæring i bruk av våpen, og at han var ansvarleg for å ta vare på dokument. Dette var hemmelege dokument som blant anna gjaldt leiaren av LTTE, Prabaharan. Det blei opplyst at B hadde kjennskap LTTEs struktur og organisasjon og at han personleg hadde tilgang til leiaren. Det blei også opplyst at dottera C hadde arbeidd både for radio, fjernsyn og ein bank knytt til LTTE.

Ved behandlinga for domstolane har dei ankande partane i hovudsak forklart seg i samsvar med det som går fram av kravet om omgjering, men B har også kome med supplerande opplysningar som tilseier ei endå sterkare tilknyting til LTTE. I tingretten forklarte han såleis for første gong at han var ein av tre personar som kjente til kor hemmelege dokument var gravne ned. Dette var dokument som høyrde til LTTE/radiostasjonen. Han forklarte også at han hadde vore utsett for eit klasebombeangrep, jf. tingrettens dom side 9 første avsnitt. Under behandlinga i lagmannsretten la han for første gong fram ei skisse over organiseringa til radiostasjonen. Ut frå denne skissa var han plassert som nestleiar ved radiostasjonen. Lagmannsretten legg til grunn at dette er ei ny skildring frå hans side. Då kravet om omgjering blei sett fram, låg det ved ei skriftleg fråsegn frå B der han omtalte arbeidet sitt. Etter lagmannsrettens syn er det ikkje naturleg å oppfatta denne skildringa slik at han hadde ein funksjon som nestleiar i radioen.

Etter lagmannsrettens vurdering er det stor skilnad på dei forklaringane som ankande partar gjev i dag samanlikna med kva som blei forklart då søknadene om asyl blei sett fram. Det er ikkje tale om justering av detaljar, men om forklaringar som er vesentleg annleis knytt til sjølve asylgrunnlaget. Forklaringane blei endra etter at Utlendingsnemnda hadde avslått asylsøknadene. På dette tidspunktet hadde dei ankande partane vore i Noreg i meir enn to år.

På spørsmål om kvifor dei nye opplysningane ikkje hadde kome fram tidlegare, forklarte dei ankande partane at dei var redde då dei kom til Noreg, slik at dei ikkje våga å gje ei korrekt skildring av tilknytinga til LTTE. Slik lagmannsretten vurderer bevisa, kan ikkje dette reknast som noka plausibel årsak til utbyggingane i forklaringane.

Lagmannsretten peiker for det første på at både B og ektefellen i asylintervju faktisk forklarte at B hadde arbeidd for radiostasjonen. Det var altså ikkje slik at dei nekta for ei kvar tilknyting til LTTE. Begge forklarte at han hadde arbeidd på deltid. Begge skildra at han tok lydopptak til program, men utan at han hadde noka sentral rolle i radioen. På spørsmål i lagmannsretten avkrefta ektefellen at dei to i forkant av asylintervjuet hadde avklart seg i mellom kva opplysningar som utlendingsforvaltninga skulle få. Dette stemmer etter lagmannsrettens syn godt med at det også er eit visst sprik i asylforklaringane deira. B sa at han hadde arbeidd deltid over fleire år, medan ektefellen knytte arbeidet hans til året 2006. Dette underbyggjer at partane ikkje hadde koordinert forklaringane sine i forkant. Lagmannsretten meiner at det er mest nærliggjande å oppfatta forklaringane slik at begge, i samsvar med kva som var realiteten, forklarte at B hadde ei relativt laus tilknyting til radiostasjonen. Det er ikkje truverdig når dei ankande partane no hevdar at dei - utan nokon avtale i forkant - kvar for seg valte å halda tilknytinga til LTTE skjult for utlendingsforvaltninga då dei kom til Noreg.

Lagmannsretten legg for det andre vekt på at det er påfallande at tilleggsopplysningane først kom fram etter endeleg avslag hos Utlendingsnemnda. På dette tidspunktet hadde dei ankande partane vore i Noreg i lang tid, og dei hadde hatt hjelp frå advokat i samband med søknadene om asyl. At dei ankande partane var redde ved asylregistreringa, kan vanskeleg forklara at dei først etter to år fann grunn til å gje dei aktuelle opplysningane om ei sterkare tilknyting til LTTE. Lagmannsretten meiner at det klart svekkjer truverdet at opplysningane kom fram etter så lang tid og tilsynelatande som ein direkte konsekvens av avslaget i Utlendingsnemnda. Lagmannsretten sluttar seg til tingrettens vurdering av at dei ankande partane i løpet av det første halvåret i Noreg må ha forstått at srilankisk etterretningsteneste ikkje utgjer nokon risiko i Noreg. På denne bakgrunnen hadde det vore naturleg at dei nye opplysningane i alle fall kom fram i klagene til Utlendingsnemnda.

Lagmannsretten har merka seg forklaringa til dr. Hellesøy om at dei ankande partane oppfylte vilkår for diagnosen til PTSD i det aktuelle tidsrommet. Sjølv om det blir tatt høgde for dette, meiner lagmannsretten at det er påfallande at dei nye opplysningane ikkje kom fram på eit tidlegare tidspunkt.

Lagmannsretten meiner at det også er grunnlag for å leggja noko vekt på at B i ein viss grad har justert eiga forklaring om reisa frå leiren når det gjeld omtalen av kontrollposten i Medawachchiya. I asylforklaringa hevda B først at denne kontrollposten ikkje var der då dei passerte. Dette endra han seinare under intervjuet etter å ha blitt konfrontert med annan informasjon frå forvaltningas side.

I motsetnad til tingretten meiner lagmannsretten derimot ikkje at det er grunnlag for å sjå bort frå forklaringa som ankande partar gjev om at dei ikkje blei kontrollerte ved den omtalte posten, men at agenten deira tok seg av passeringa, slik at deira identitet ikkje blei kjent for styresmaktene. Lagmannsretten viser til at vitnet Neerbye frå Landinfo ikkje kunne utelukka at det på det aktuelle tidspunktet var mogleg å unngå kontrollen. Dette fordi Sri Lanka er eit land svært prega av korrupsjonskultur.

Staten har også hevda at ankande partar har forklart seg urett om innhaldet i kontrollane i sjølve leiren i Ananthakumarasamy i Vavuniya. Lagmannsretten meiner ikkje at det er godtgjort at desse forklaringane er urette. Lagmannsretten viser til at det var svært mange personar i leiren. Begge dei sakkunnige vitna har forklart at det må ha vore ein kaotisk situasjon. Lagmannsretten meiner at det ikkje kan utelukkast at dei ankande partane unngjekk å røpa eigen identitet medan dei var i leiren.

Oppsummeringsvis er det såleis relativt få moment som svekkjer truverdet til dei ankande partane utover det omstendet at dei har endra eigne forklaringar om asylgrunnlaget. Lagmannsretten meiner likevel at det her er tale om så store endringar utan ei plausibel årsak at dei rettslege forklaringane ikkje kan leggjast til grunn. Forklaringane er ut frå ei totalvurdering ikkje «noenlunde sannsynlige». Lagmannsretten har difor kome til at utlendingsnemnda har bygd på riktig faktum.

Lagmannsretten har ved vurderinga tatt omsyn til at fleire vitne i lagmannsretten støtta dei nye opplysningane frå dei ankande partane. Vitna E, F og G har alle forklart at dei kjenner B frå tida på Sri Lanka, og dei har alle forklart at han hadde ei sentral rolle ved radiostasjonen - ei rolle utover det Utlendingsnemnda har lagt til grunn. Vitna har også stadfesta at C var knytt til LTTE på sjølvstendig grunnlag. Lagmannsretten har ved bevisvurderinga sett bort frå desse vitneforklaringane. Lagmannsretten meiner det er mest nærliggjande at det er tale om vitne som ynskjer å hjelpa dei ankande partane etter at desse har fått endeleg avslag på asylsøknadene. Opplysningane i vitneforklaringane er vanskeleg å kontrollera, og dei ankande partane har heller ikkje gjort noko forsøk på å underbyggja truverdet i vitneforklaringane med anna kjeldemateriale. Ut frå ei samla vurdering meiner lagmannsretten at vitneforklaringane ikkje er eigna til å endra vurderinga av truverdet til dei ankande partane, jf. omtalen ovanfor.

Ankande partar har lagt fram ei rekkje fotografi. Lagmannsretten meiner at desse ikkje er eigna til å visa noko meir enn at B har hatt ei tilknyting til radiostasjonen, noko også Utlendingsnemnda har lagt til grunn.

Lagmannsretten går etter dette over til å drøfta den subsidiære argumentasjonen om at Utlendingsnemndas vedtak er ugyldige sjølv for det tilfellet at nemnda har lagt til grunn riktig faktum knytt til asylforklaringane. Dei ankande partane hevdar at det uansett ligg føre ein fare ved retur til Sri Lanka som gjev dei ankande partane krav på vern etter utlendingslova § 28 første ledd.

Lagmannsretten vil først drøfta situasjonen for B. I Utlendingsdirektoratets vedtak 10. februar 2010 heiter det om risikoen ved retur til heimlandet for hans del:

UDI har vurdert søkerens opplysninger om at han frykter å bli utsatt for overgrep fra den srilankiske hæren fordi de mistenker han for å ha tilknytning til Liberation Tigers of Tamil Eelam (LTTE). UDI har sett hen til hans opplysning om at han jobbet i en radiostasjon drevet av LTTE. Han lagde korte opplysnings og underholdningsprogrammer. Slik UDI vurderer det har søkeren bare en løs tilknytning til LTTEs virksomhet. Etter Utlendingsdirektoratets kjennskap er myndighetene på Sri Lanka kjent med at den tamilske befolkningen i Vanni frivillig eller tvunget har bistått LTTEs virksomhet med ulike sivile og militære arbeidsoppgaver, uten at dette vil føre til reaksjoner som skulle tilsi forfølgelse i lovens og flyktningkonvensjonens forstand. Slik søkeren har forklart seg har han ikke utført aktiviteter, deltatt i kamp, hatt en posisjon eller hatt informasjon om LTTE som tilsier at han risikerer individuell forfølgelse fra regjeringshæren eller myndighetslojale grupper ved en retur til Sri Lanka.

UDI har også sett hen til hans frykt for hvite vans i Colombo, men finner ikke at det er konkrete holdepunkter for at han vil være spesielt utsatt fra dem ved en retur til Sri Lanka.

[...]

UDI har først vurdert søkerens opplysning om at han frykter overgrep fra myndighetene fordi hans eldste sønn sitter fengslet i Colombo. UDI anser opplysningene vedrørende sønnen som for få og vage i det søkeren har få opplysninger omkring forholdet. Det er uansett ikke holdepunkter i saken for at søkeren er utsatt på bakgrunn av dette. Forholdet er heller ikke av en slik art som gjør at søkeren har krav på beskyttelse etter utlendingsloven § 28 første ledd bokstav b.

I Utlendingsnemndas vedtak 4. november 2011 for B heiter det:

UNE er i det vesentlige enig i begrunnelsene i UDIs vedtak. Ut fra klagerens forklaring om at han frykter overgrep fra myndighetene fordi hans eldste sønn sitter fengslet i Colombo mistenkt for drap, legger UNE til grunn at det ikke er årsakssammenheng mellom den anførte forfølgelsesrisikoen og forfølgelsesgrunnene i lovens § 28 første ledd bokstav a, jf. lovens § 30, dvs. «rase, religion, nasjonalitet, medlemskap i en spesiell sosial gruppe eller politisk oppfatning». Anførselen vil bli vurdert etter lovens § 28 første ledd bokstav b.

Når det gjelder klagerens anførsel om å frykte myndighetene på grunn av sitt arbeid for LTTE, finner UNE det ikke tilstrekkelig sannsynliggjort at klageren på bakgrunn av de anførte forhold risikerer forfølgelse fra srilankiske myndigheter og/eller myndighetslojale grupper. Det vises til at klagerens tilknytning til LTTE er beskjeden. Han skal ha arbeidet deltid på en radiostasjon drevet av LTTE med programmer med blant annet opptak av lokale artister, skuespillere og sangere. På bakgrunn av tilgjengelig landinformasjon er det ikke holdepunkter for å anta at en slik tilknytning til LTTE i dag medfører påregnelig fare for forfølgelse i flyktningkonvensjonens forstand. I likhet med UDI finner ikke UNE at klagerens aktivitet og arbeid for LTTE er av en slik art og omfang at den tilsier at det foreligger risiko for forfølgelse fra myndighetenes side. UNE har i vurderingen sett hen til klagerens opplysning om at en tidligere kollega av ham er arrestert, men finner ikke at dette tilsier at klageren ved retur til hjemlandet risikerer reaksjoner, fra myndighetene eller andre, som kan karakteriseres som forfølgelse i utlendingslovens og flyktningkonvensjonens forstand.

[...]

UNE kan ikke se at det foreligger individuelle omstendigheter som tilsier at klageren ved retur til Sri Lanka står i reell fare for å bli utsatt for dødsstraff eller bli utsatt for umenneskelig eller nedverdigende behandling eller straff. UNE har sett hen til klagerens anførsel om å frykte overgrep fra myndighetene fordi hans eldste sønn sitter fengslet i Colombo, men i likhet med UDI finner ikke at klageren på bakgrunn av det anførte har krav på beskyttelse etter utlendingsloven § 28 første ledd bokstav b. [...]

Det bemerkes ellers at den generelle sikkerhets- og menneskerettighetssituasjonen i Sri Lanka er vesentlig bedret etter avslutningen av den væpnede konflikten i mai 2009. Selv om Sri Lanka er fremdeles et militarisert land, er det tatt flere skritt mot en normalisering av situasjonen etter valgene våren 2010. De fleste begrensningene på bevegelsesfriheten er fjernet. Videre er flere av bestemmelsene i unntakslovgivningen opphevet og det er en sterk reduksjon i antallet sikkerhets- og identitetskontroller. Dette innebærer at arrestasjoner etter unntakslovgivningen og antiterrorlovgivningen i all hovedsak er målrettet mot personer som har en reell tilknytning til LTTE.

Etter lagmannsrettens syn har det ikkje kome fram noko som gjev grunnlag for ei anna bevisvurdering eller anna rettsleg vurdering enn den som går fram av Utlendingsnemndas vedtak. Lagmannsretten oppfattar at begge dei sakkunnige vitna i all hovudsak har skildra situasjonen på Sri Lanka i samsvar med kva Utlendingsnemnda har lagt til grunn. Det sakkunnige vitnet Øyvind Fuglerud var open for at situasjonen til den fengsla sonen kunne gjera det meir usikkert også for dei ankande partane ved ein retur til Sri Lanka. Lagmannsretten er for sin del ikkje einig i at det er haldepunkt for at dette skal innebera ein relevant fare etter utlendingslova § 28 første ledd for dei ankande partane. Det må leggjast til grunn at straffesaka mot sonen er avslutta med ein rettskraftig dom. Lagmannsretten viser elles til grunngjevinga til Utlendingsnemnda.

Når det gjeld A, er det ikkje hevda at det ligg føre særlege faremoment ved ein retur til heimlandet for hennar del, samanlikna med kva som er situasjonen for ektefellen. Lagmannsretten viser difor til drøftinga ovanfor av situasjonen for B.

Når det gjeld dottera C, er det gjort gjeldande at ho også har krav på vern fordi ho er særleg sårbar som ung, tamilsk kvinne. Det heiter om dette i Utlendingsnemndas vedtak 4. november 2011 i saka til C:

Når det gjelder klagerens anførte frykt for overgrep fra den srilankiske hæren fordi hun er en ung kvinne, finner UNE det ikke i tilstrekkelig grad sannsynliggjort noen påregnelig risiko for forfølgelse i konvensjonens forstand ved retur til hjemlandet. Tilgjengelig landinformasjon tilsier etter UNEs vurdering ikke at klageren har grunn til å frykte forfølgelse på generelt grunnlag. UNE er kjent med rapporter om at det har foregått overgrep mot enslige kvinner i de tidligere konfliktområdene, jf blant annet i UNHCRs anbefaling av 05.07.2010. UNE legger imidlertid til grunn at klageren ved retur vil ha tilgang til et familienettverk på hjemstedet som vil kunne yte henne bistand, og dermed ikke vil være sårbar ved retur på den måten UNHCR viser til i sin omtale av situasjonen for kvinner i tidligere konfliktområder.

Det har ikkje kome fram omstende for lagmannsretten som gjev grunnlag for ei anna vurdering. Det sakkunnige vitnet Fuglehaug forklarte at seksualisert vald mot kvinner skjer i stor grad på Sri Lanka. Lagmannsretten viser for sin del til at Utlendingsnemnda har lagt til grunn at C vil ha eit familienettverk på heimstaden som vil kunna verna henne mot slik fare. Bevisføringa for lagmannsretten gjev ikkje haldepunkt for at faren er på eit nivå som gjer at eit familienettverk ikkje vil kunna yta eit vern som i denne samanhengen blir vurdert som tilstrekkeleg.

Lagmannsretten har etter dette kome til at heller ikkje den subsidiære argumentasjonen til dei ankande partane kan føra fram.

Anken blir etter dette forkasta.

I samsvar med hovudregelen i tvistelova § 20-2 første ledd har staten v/Utlendingsnemnda krav på å få full erstatning for sakskostnadene. Lagmannsretten har vurdert om det er grunnlag for å gjera unntak etter tvistelova § 20-2 tredje ledd, men har kome til at det ikkje ligg føre tungtvegande grunnar som gjer dette rimeleg.

Staten har lagt fram kostnadsoppgåve på kr 62 500 inkludert meirverdiavgift. Beløpet gjeld fullt ut salær. Lagmannsretten meiner at det er tale om rimelege og nødvendige utgifter, jf. tvistelova § 20-5 første ledd, og tilkjenner sakskostnader i samsvar med oppgåva.

Dommen er samrøystes.

Domsslutning

1. Anken blir forkasta.
2. I sakskostnader for lagmannsretten betaler B, A og C ein for alle og alle for ein 62.500 - sekstitotusenfemhundre - kroner til staten innan to veker rekna frå tidspunktet for forkynning av denne dommen.

Siste endringer
  • Ny: LB-2013-147437 Beskyttelse/asyl. Beviskrav ved endret forklaring. Utl. § 28 første ledd. (17.09.2014)

    Dom fra Borgarting lagmannsrett som gjaldt spørsmålet om avslaget på asylsøknaden til en tamilsk familie fra Sri Lanka var gyldig. Søkerne hadde endret forklaring underveis i saksgangen, og lagmannsretten kom til at det ikke var noen plausibel grunn for endringene i forklaringen. Det ble derfor lagt til grunn at UNE hadde bygget på riktig faktum. Retten fant heller ikke at det var fare ved retur til hjemlandet som følge av tilknytning til LTTE, slik at vilkårene for vern heller ikke var oppfylt.

Utlendingsdirektoratet
Postboks 2098 Vika
0125 Oslo

Ansvarlig redaktør: Stephan Mo