Til startsiden
  • Personvern
  • Arkiv
  • Nettstedskart
  • Kontakt oss
  • Skriv ut
  • Skriv ut
  • Endre tekststørrelse
English

Underrettsavgjørelser

Dokument-ID : LB-2014-169786
Dokumentdato : 11.03.2015

Asyl/beskyttelse. Utl. § 28. Konvertering. Iran.

Lagmannsretten kom til at vedtak i Utlendingsnemnda (UNE) om å avslå søknad om asyl, subsidiært opphald på humanitært grunnlag, var gyldig. Det same gjaldt seinare vedtak om å nekta omgjering. Konkret vurdering av om asylsøkjaren hadde velgrunna frykt for forfølging ved retur til Iran på grunn av konvertering til kristendommen.

Saka gjeld rettsleg prøving av vedtak i Utlendingsnemnda (UNE) om å avslå søknad om asyl, subsidiært søknad om opphald på humanitært grunnlag. Det er vidare kravd prøving av vedtak om å nekta omgjering av avslaget.

A har opplyst til lagmannsretten at ho er fødd 0.0.1952 i Iran. Ho kom til Noreg 6. mai 2003. Søknad om asyl blei registrert 7. mai 2003. I skjemaet for registrering blei fødselsdatoen sett til 4. januar 1951 - utan at dette har noko å seia for lagmannsrettens vurdering.

I asylintervju 11. juni 2003 opplyste A at ho søkte asyl fordi ho frykta å bli fengsla i Iran på grunn av omstende knytt til ektefellen hennar, B. Ektefellen hadde blant anna ulovleg kopiert kassettar med innhald mot regimet i Iran. Ektefellen hadde kome til Noreg 5. november 2002. Han søkte om asyl 16. desember 2002.

Utlendingsdirektoratet (UDI) trefte 19. februar 2004 vedtak om å avslå søknaden frå A om asyl. UDI kom til at vilkåra heller ikkje var til stades for opphald på humanitært grunnlag. UDI trefte også vedtak om avslag for ektefellen.

A klaga over vedtaket til UNE. I klagebehandlinga blei det blant anna gjort gjeldande at ho risikerte forfølging i heimlandet fordi ho hadde konvertert til kristendommen etter at ho kom til Noreg.

UNE trefte 23. oktober 2006 vedtak i klagesakene til både A og ektefellen. UNE tok ingen av klagane til følgje. Når det gjaldt bakgrunnen for utreisa frå Iran, meinte UNE at forklaringane til A og ektefellen ikkje var truverdige. UNE la vidare til grunn at ingen av dei ville involvera seg i misjonering eller «annen omfattende kristen aktivitet» i heimlandet, og at dei difor ikkje risikerte forfølging sjølv om dei hadde konvertert.

Ektefellen blei uttransportert til Iran 17. november 2006. Det er lagt fram attest frå Iran på at A og ektefellen blei skilde 18. juni 2008. A har opplyst at den tidlegare ektefellen no er avliden.

A har seks gonger kravd omgjering av UNEs vedtak. Det siste kravet om omgjering blei avslått av UNE 10. januar 2014. Den 20. februar 2014 tok A ut søksmål mot staten v/UNE med krav om fastsettingsdom for at UNEs vedtak 23. oktober 2006 og 10. januar 2014 var ugyldige.

Oslo tingrett sa 15. september 2014 dom med slik domsslutning:

1. Staten v/ Utlendingsnemnda frifinnes.

2. A erstatter Staten v/Utlendingsnemnda sine sakskostnader med 64 900 - sekstifiretusennihundre - kroner, innen 14 - fjorten dager fra dommens forkynnelse.


A har anka dommen til Borgarting lagmannsrett. Anken gjeld bevisvurderinga.

Nærare detaljar om sakstilhøvet går fram av tingrettens dom og av lagmannsrettens merknader nedanfor.

Ankeforhandling blei halde 10. og 11. februar 2015. Begge partar møtte med prosessfullmektig. A var til stades under heile ankeforhandlinga og gav forklaring. Rådgjevar Cecilie Østen i UNE følgde heile ankeforhandlinga i medhald av tvistelova § 24-6 og gav forklaring. To rettsoppnemnde tolkar var til stades og tolka mellom norsk og persisk. Tre vitne gav forklaring, inkludert landrådgjevar Are Hovdenak som gav forklaring som sakkunnig vitne. Nærare detaljar om bevisføringa går fram av rettsboka.

Ankande part, A, har i korte trekk gjort gjeldande:

Vilkåra for vern som flyktning er oppfylt etter utlendingslova § 28 første ledd bokstav a, jf. § 29. Ho har ein velgrunna frykt for forfølging frå styresmaktene i Iran på grunn av religion.

Retten har full kompetanse til å prøva bevisvurderinga og rettsbruken til UNE. I dette ligg at retten heller ikkje skal vera tilbakehalden med å prøva dei landfaglege vurderingane til UNE.

Retten må gjennomføra ei konkret vurdering av kva som er risikoen hennar ut frå ulike omstende i saka. Det er den kumulative effekten, dvs. samla risiko basert på alle tilhøve, som må leggjast til grunn.

UNE har feilvurdert den generelle risikoen for forfølging av kristne konvertittar i Iran. Det eksisterer reell risiko for vilkårleg arrestasjon, langvarig fengsling, tortur og dødsstraff. Det stemmer ikkje at risikoen berre gjer seg gjeldande for profilerte eller særleg aktive kristne. Situasjonen for kristne i Iran har blitt markert vanskelegare i løpet av dei seinare åra.

Det skal lite til for at kristne kjem i søkelyset til styresmaktene i Iran. Kristne blir straffa på grunn av trua, sjølv om det formelle straffebrotet av domstolen gjerne blir skildra på ein annan måte. I ulike rapportar er det omtalt at det skjer langvarig fengsling av medlemmer av heimekyrkjer. For A vil det vera naturleg å ta del i fellesskapet i ei heimekyrkje.

UNE har ikkje tatt omsyn til dei individuelle omstenda knytt til A som inneber ein særleg risiko for forfølging av henne. Den tidlegare ektefellen har rapportert henne til styresmaktene. Styresmaktene veit difor at ho har konvertert og at ho er døypt. Retten må leggja til grunn hennar eiga forklaring når det gjeld skildringa av den tidlegare ektefellen, inkludert årsakene til utreisa frå Iran. Dette er omstende som aukar risikoen for at ho skal bli forfølgd i heimlandet.

UNE har vidare tatt feil når det gjeld vurderinga av korleis A vil utøva trua si etter ein retur til Iran. Når det gjeld omfanget av aktiviteten Noreg, så må retten byggja på hennar eiga forklaring. Ho er oppteken av å spreia den kristne bodskapen. Ho har fortalt om kristendomen til fleire personar frå Iran som er busett i Noreg, noko som blei stadfesta i vitneforklaringa til E. Det må leggjast til grunn at ho vil handla på same måte i Iran. Ho vil såleis driva aktiv misjonering andsynes personar som ho kjem i kontakt med i Iran.

Ved risikovurderinga skal ikkje terskelen leggjast høgt. Tvil skal koma asylsøkjaren til gode, jf. blant anna Rt-2011-1481 og Borgarting lagmannsretts dom 3. desember 2013 (LB-2012-143613). UNE har basert seg på at berre kristne leiarar er utsett for risiko, men vitnet Are Hovdenak frå Landinfo opplyste at risikoen også gjer seg gjeldande for vanlege medlemmer av heimekyrkjer.

Vilkåra for opphald på humanitært grunnlag er oppfylt. Ho er ei 68 år gamal dame som lid av stoffskifteproblem, alvorleg angst, depresjonar og posttraumatisk stress. UNE har med urette lagt til grunn at ho kan få tilsvarande helsehjelp i Iran som i Noreg for dei psykiske problema. Som fråskilt kvinne og konvertitt vil ho ikkje få økonomisk støtte til slik helsehjelp i Iran. A har ei sterk tilknyting til Noreg gjennom venner og dei kristne fellesskapa som ho deltek i. Ho har vore meir enn 11 år i Noreg.

Det er lagt ned slik påstand:

1. Utlendingsnemndas vedtak datert 23. oktober 2006, samt beslutning datert 10. januar 2014, er ugyldige.

2. A tilkjennes sakens omkostninger.


Ankemotparten, staten v/UNE, har i korte trekk gjort gjeldande:

UNE har basert vurderinga på at A har konvertert til kristendommen. Det er ikkje tvistetema i saka om konverteringa er reell.

At det ikkje er full religionsfridom i Iran, utgjer ikkje i seg sjølv «forfølgelse» etter utlendingslova § 28 jf. § 29. Dette er blant anna nærare omtalt i Ot.prp.nr.75 (2006-2007) side 84. Det må vera tale om frykt for alvorlege overgrep, jf. blant anna Rt-2012-494 avsnitt 35.

Ut frå ei korrekt tolking av omgrepet «forfølgelse» er det ikkje generell risiko for forfølging av kristne konvertittar i Iran. Kristne konvertittar kan utøva religionen innanfor dei sosiokulturelle rammene i Iran. Det er eit skarpt skilje mellom offentleg og privat sfære i Iran. Innanfor den private sfæren er spelerommet for ulike livsstilar stort. Rettssystemet i Iran opnar for dødsstraff for konvertering, men dette har ikkje vore praktisert sidan 1990.

Det avgjerande for asylspørsmålet blir på denne bakgrunnen korleis A reint faktisk vil opptre ved retur til heimlandet. Det er ikkje «noenlunde sannsynlig» at ho vil utøva religiøs aktivitet på ein måte som vil utsetja henne for risiko for forfølging. Ho har ikkje drive med utetterretta misjonering i Noreg. Det er heller ikkje noko som tilseier at ho vil driva med dette i Iran. Det er ikkje haldepunkt for at ho ynskjer å vera del av - langt mindre at ho vil leia - eit nettverk av kristne i Iran, eller at ho ynskjer å bli medlem av ei heimekyrkje. Det er uansett ikkje haldepunkt for at faktisk ho vil få høve til å bli del av ei heimekyrkje. Det er vanskeleg å få innpass her. Dersom ho likevel skulle bli medlem av ei slik kyrkje, er risikoen for arrestasjon liten, og det må leggjast til grunn at lauslating vil skje etter kort tid. I den grad ho vil fortelja om kristendommen til personar som ho har ein fortruleg relasjon til, vil ikkje dette utsetja henne for nokon risiko for forfølging. UNE meiner at tingrettens vurdering er rett når den uttalte at A generelt har lågt truverde, noko som spelar inn når det gjeld i kva grad det skal leggjast vekt på hennar eiga forklaring om korleis ho vil gå fram ved retur til Iran.

UNEs vedtak er i samsvar med forvaltnings- og rettspraksis i saker om Iran der det blir søkt asyl på grunnlag av frykt for forfølging pga. religion. Det blir vist til forklaring frå rådgjevar Cecilie Østen og til ulike avgjerder frå Borgarting lagmannsrett.

Det er heller ikkje andre omstende enn konverteringa som kan gje grunnlag for vern som flyktning. Forklaringa om kassettproduksjonen til den tidlegare ektefellen kan ikkje leggjast til grunn. Det same gjeld forklaring om at han skal ha rapportert henne til styresmaktene på grunn av hennar utruskap og konvertering.

Det er ikkje grunnlag for å setja til sides UNEs vurdering når det gjeld spørsmålet om opphald på humanitært grunnlag. Det gjeld klare rammer for kva retten kan prøva når det gjeld opphald på dette grunnlaget, jf. Rt-2013-449 avsnitt 47-51. UNE har bygd på rett faktum. Dei helsemessige plagene til A er i liten grad dokumentert. Det skal mykje til for at det er tale om «tvingende helsemessige forhold». Praksis er streng, jf. Ot.prp.nr.75 (2006-2007) side 147-148 og 155. Avslaget på søknaden om opphald på humanitært grunnlag er ikkje openbart urimeleg.

Det er lagt ned slik påstand:

1. Anken forkastes.

2. Staten v/Utlendingsnemnda tilkjennes sakskostnader.

 

Lagmannsrettens merknader:

Innleiing

Lagmannsretten har kome til same resultat som tingretten. Saka står langt på veg i same stilling som for tingretten, og lagmannsretten kan i all hovudsak også slutta seg til grunngjevinga i tingrettens dom.

Lagmannsretten vil likevel koma med ei samanfatting av dei vurderingane som går fram av dommen i tingretten. I tillegg vil lagmannsretten utdjupa nærare nokre problemstillingar som har stått særleg sentralt under ankeforhandlinga.

Rett til vern som flyktning - Rettslege utgangspunkt

Spørsmålet i saka er om vedtak i UNE 23. oktober 2006 om å avslå søknad om asyl, subsidiært opphald på humanitært grunnlag, er gyldig. Det er vidare spørsmål om UNEs siste vedtak (datert 10. januar 2014) om å avslå krav om omgjering av avslaget i 2006, er gyldig. I UNEs vedtak 10. januar 2014 er det vist til grunngjevinga i fleire tidlegare vedtak om å nekta omgjering. Det er i alt treft fem slike tidlegare vedtak. Sjølv om lagmannsretten berre skal prøva det siste vedtaket, må lagmannsretten ut frå grunngjevinga i UNEs siste vedtak også trekkja inn tilhøve som går fram av dei tidlegare vedtaka.

Ved prøvinga skal lagmannsretten byggja på «vedtakstidspunktets faktum», jf. Rt-2012-1985 avsnitt 81 og 98. Det er likevel høve til å leggja vekt på nye bevis som kastar lys over situasjonen på vedtakstidspunkta.

A hevdar at ho har krav på vern som flyktning etter utlendingslova § 28 første ledd bokstav a, som har slik ordlyd:

En utlending som er i riket eller på norsk grense, skal etter søknad anerkjennes som flyktning dersom utlendingen

a) har en velbegrunnet frykt for forfølgelse på grunn av etnisitet, avstamning, hudfarge, religion, nasjonalitet, medlemskap i en spesiell sosial gruppe eller på grunn av politisk oppfatning, og er ute av stand til, eller på grunn av slik frykt er uvillig til, å påberope seg sitt hjemlands beskyttelse, jf. flyktningkonvensjonen 28. juli 1951 artikkel 1 A og protokoll 31. januar 1967


Den konkrete problemstillinga er om A har ein velgrunna frykt for «forfølgelse» på grunn av «religion».

Kva omstende som utgjer «forfølgelse», er nærare omtalt i utlendingslova § 29, som har slik ordlyd:

For at handlinger skal anses å utgjøre forfølgelse i henhold til § 28 første ledd bokstav a, må de enten

a) enkeltvis eller på grunn av gjentakelse utgjøre en alvorlig krenkelse av grunnleggende menneskerettigheter, særlig slike rettigheter som ikke kan fravikes i medhold av artikkel 15 nr. 2 i den europeiske menneskerettskonvensjon av 4. november 1950, eller

b) utgjøre flere forskjellige tiltak, herunder krenkelser av menneskerettigheter, som til sammen er så alvorlige at de berører et menneske på en måte som kan sammenlignes med situasjonen beskrevet i bokstav a.


Forfølgelse kan blant annet ta form av

a) fysisk eller psykisk vold, herunder seksualisert vold,

b) lovgivning og administrative, politimessige og judisielle tiltak, enten de er diskriminerende i seg selv eller praktiseres på en diskriminerende måte,

c) strafforfølgelse og straffullbyrdelse som er uforholdsmessig eller diskriminerende,

[ ... ]

A har som grunnlag for kravet om vern som flyktning vist til både omstende i Iran før ho kom til Noreg, og til at ho i Noreg har konvertert til kristendommen. At etterfølgjande omstende, gjerne omtalt som subjektiv sur place, også kan gje grunnlag vern, går fram av utlendingslova § 28 fjerde ledd:

Søkeren skal som hovedregel anerkjennes som flyktning etter første ledd også når beskyttelsesbehovet har oppstått etter at søkeren forlot hjemlandet, og skyldes søkerens egne handlinger. Ved vurderingen av om det skal gjøres unntak fra hovedregelen, skal det særlig legges vekt på om beskyttelsesbehovet skyldes handlinger som er straffbare etter norsk lov, eller om det fremstår som mest sannsynlig at det hovedsakelige formålet med handlingene har vært å oppnå oppholdstillatelse.

A hevdar at UNE har tatt feil når det er lagt til grunn at vilkåra i utlendingslova § 28 første ledd bokstav a, jf. § 29 ikkje er oppfylt. Lagmannsretten legg til grunn at domstolen fullt ut kan prøva både bevisvurderinga og alle sider ved rettsbruken. Heller ikkje når det gjeld landfaglege vurderingar er det slik at domstolen er forplikta til å vera atterhalden med å overprøva vurderingane til UNE. Lagmannsretten vil på sjølvstendig grunnlag vurdera om UNEs vedtak er korrekt ut frå dei bevis som er ført for lagmannsretten om landfaglege spørsmål. Lagmannsretten legg på dette punktet til grunn at prøvinga til domstolane er meir intensiv enn det som går fram av tingrettens dom side 5 tredje siste avsnitt.

Når det gjeld det rettslege innhaldet i omgrepet «forfølgelse», går det fram av ordlyden i utlendingslova § 28 første ledd bokstav a at det må vera tala om «alvorlig» krenking av grunnleggjande menneskerettar. Det er såleis på det reine at ikkje alle brot på menneskerettane utgjer forfølging. Dette er nærare omtalt i forarbeida til utlendingslova. Det heiter i Ot.prp.nr.75 (2006-2007) side 84 venstre spalte:

Departementet vil bemerke at ikke enhver krenkelse av grunnleggende menneskerettigheter vil utgjøre forfølgelse. For eksempel vil ikke en krenkelse av religionsfriheten i form av begrensninger i adgangen til å drive misjonering i hjemlandet, uten videre gi rett til internasjonal beskyttelse. Det er heller ikke slik at enhver krenkelse av de ufravikelige menneskerettighetene etter EMK artikkel 15 nr. 2 (...), vil utgjøre forfølgelse.

Det går også fram av forarbeida at det berre er tale om forfølging når det er risiko for alvorlege overgrep. Det heiter i Ot.prp.nr.75 (2006-2007) side 415 høgre spalte:

Forfølgelse kan arte seg som overgrep som for eksempel fengsling av en viss varighet, tortur eller andre trusler mot liv, helse eller den personlige frihet. Mindre inngripende reaksjoner som å bli brakt inn til politiet for så å bli løslatt, ulike former for diskriminering mv, vil i utgangspunktet falle utenfor forfølgelsesbegrepet. Forhold som hver for seg ikke er alvorlig nok til å karakteriseres som forfølgelse kan likevel etter en samlet vurdering anses å utgjøre forfølgelse. Også diskriminering som gir alvorlig utslag for den det gjelder, som for eksempel på bakgrunn av etnisitet å bli utestengt fra livsnødvendige helsetjenester man er avhengig av eller hindret i muligheten til å livnære seg selv, vil etter omstendighetene kunne anses som forfølgelse.

At det må vera tale om frykt for alvorlege overgrep, er også lagt til grunn av Høgsterett i Rt-2012-494 avsnitt 35.

Lagmannsretten legg ut frå dette til grunn at kortvarig fengsling utan alvorlege fysiske overgrep eller sporadisk diskriminering ikkje er å rekna som «forfølgelse» etter utlendingslova. Dette gjeld sjølv om fengsling skjer utan sakleg grunn.

På same måte som tingretten, legg lagmannsretten til grunn at vurderinga av om det er tale om ein velgrunna frykt for forfølging etter sin art er framtidsretta. Lagmannsretten må - basert på dei bevis som er ført - ta stilling til om det er risiko for at A vil bli forfølgd ved ein framtidig retur til Iran. Det er eit spørsmål om kva som kan koma til å skje, ikkje noka vurdering av om hennar forklaring om tilbakelagte omstende er truverdig eller ikkje. På den andre sida er det ikkje avgjerande aleine kva A sjølv hevdar at ho vil gjera etter ein retur til Iran. Lagmannsretten må ut frå dei samla bevisa, inkludert forklaringa hennar, ta stilling til i kva grad det er truleg at A vil utøva kristendommen på ein måte som inneber risiko for forfølging. Rett vurderingstema er om risikoen for forfølging er «reell». Det går fram av forarbeida at det skal «opereres med en betydelig lavere terskel enn krav om sannsynlighetsovervekt», jf. Ot. prp.nr. 75 (2006-2007) side 88 andre spalte. Det er vidare slik at dess meir alvorlege konsekvensar det kan vera snakk om, dess mindre skal til av konkret risiko for at slike konsekvensar skal bli utfallet.

Rett til vern som flyktning - den konkrete vurderinga:

Det er ikkje omstridd mellom partane at A har konvertert til kristendomen.

Lagmannsretten meiner at konverteringa i seg sjølv ikkje inneber reell risiko for at ho skal bli forfølgd i Iran. Lagmannsretten viser til tingrettens grunngjeving i dommen side 7 og 8, der tingretten i blant anna omtaler eit temanotat frå Landinfo datert 7. juli 2011 med tittelen «Kristne og konvertitter». Landrådgjevar Are Hovdenak hos Landinfo forklarte seg for lagmannsretten, og ifølgje han har det ikkje skjedd endringar sidan 2011 som gjev grunnlag for å hevda at konvertittar på generelt grunnlag risikerer å bli forfølgde i Iran. Han opplyste at talet på kristne i Iran er usikkert, men at det kan vera tale om ca 270 000 totalt. Kor mange av desse som er konvertittar, er usikkert, men Hovdenak omtalte overslag på i området 10 000 - 100 000. Konvertering (apostasi) er ikkje omtalt i straffelova, men andre skrifter blir i Iran tolka slik at det gjeld dødsstraff, men dette har likevel ikkje blitt praktisert sidan 1990. I notat frå Landinfo datert 7. juli 2011 (side 16) er det omtalt at ein prest i 1990 «ble henrettet på grunn av apostasi, evangelisering og spionasje til fordel for USA». Ifølgje omtalen hadde presten levd som konvertitt sidan 1960.

Lagmannsretten viser også til vitneforklaring frå C, som fram til 2010 arbeidde som advokat i Iran med særleg fokus på saker som reiste spørsmål om menneskerettar. Han forklarte at Iran er ein islamsk stat der sharia-lover gjeld, og at det i praksis ikkje finst nokon rettstryggleik. Han gav likevel uttrykk for at det er skilnad på tilfelle der ein kristen driv aktiv misjonering samanlikna med tilfelle der den kristne utøver religionen berre innanfor eiga, privat sfære.

Lagmannsretten meiner ikkje at det under ankeforhandlinga kom fram opplysningar som gjev haldepunkt for at konvertering i seg sjølv inneber reell risiko for forfølging, slik dette omgrepet er å forstå i utlendingslova. For at slik risiko skal oppstå, må den kristne utøva religionen på ein måte som gjer at vedkomande blir oppfatta som eit trugsmål av styresmaktene. Lagmannsretten viser til Landinfos temanotat 7. juli 2011 side 15:

Problemer med myndighetene har tradisjonelt oppstått i forhold til utadrettet og evangeliserende virksomhet rettet mot muslimer. Enhver kristen (født kristen eller konvertitt) som er aktivt misjonerende overfor muslimer og for eksempel deler ut kristen litteratur, risikerer problemer på arbeidsplassen og i lokalmiljøet. Ikke bare med myndighetene, evangelisering vil sannsynligvis bli sett på som uhørt og sosiokulturelt uakseptabelt av de fleste iranere. Og hvis et slikt forhold blir anmeldt, risikerer vedkommende overvåkning, alvorlig tiltale og rettssak.

Det neste spørsmålet som lagmannsretten må ta stilling til, er kva konkret risiko A vil ha for å bli forfølgd i Iran fordi ho er kristen. Ved denne vurderinga står det sentralt korleis ho etter retur til Iran kjem til å utøva eiga tru. Staten v/UNE har for lagmannsretten gjort gjeldande at tvil skal koma A til gode ved denne vurderinga, og at dette inneber at hennar forklaring om framtidig aktivitet skal leggjast til grunn så sant denne er «noenlunde sannsynlig». Lagmannsretten finn grunn til å peika på at det ut frå rettspraksis ikkje synest avklart kva konkret beviskrav som gjeld ved denne typen prognosevurderingar - i motsetnad til ved vurderingar av ei asylforklaring om historiske omstende, jf. Rt-2011-1481 avsnitt 45 og 46. Lagmannsretten meiner at det som er på det reine, er at kravet om «reell risiko» inneber at bevistvil uansett skal koma asylsøkjaren til gode og at beviskravet er monaleg mindre enn 50 % i favør av asylsøkjaren. Slik denne konkrete saka er prosedert av staten v/UNE, samanhalde med dei konkrete bevisa, ser ikkje lagmannsretten grunn til å problematisera beviskravet nærare. Dette fordi lagmannsretten meiner at A eiga forklaring om korleis ho vil utøva religionen i Iran, uansett ikkje kan reknast som «noenlunde sannsynlig».

A forklarte til lagmannsretten at ho ved retur til Iran vil driva aktiv misjonering, særleg andsynes sjuke og rusmisbrukarar. Ho forklarte vidare at ho såg for seg at ho vil slå seg ned i byen Shiraz, og at ho der vil bli ein del av eit kristent fellesskap, primært i ein kyrkjelyd for ein etnisk, kristen minoritet - alternativt som medlem i ei heimekyrkje.

Ved den nærare vurderinga av forklaringa hennar meiner lagmannsretten at det er naturleg å ta utgangspunkt i bevisføringa om i kva grad A kan seiast å ha utøvd kristendommen på ein tilsvarande aktiv måte i Noreg i tidsrommet frå ho konverterte i 2004 og fram til i dag. Etter lagmannsrettens syn er det ført relativt få bevis frå hennar side om dette temaet.

Det er lagt fram ei skriftleg stadfesting frå april 2004 om at A let seg døypa i X menighet på Y. I den same fråsegna blir ho omtalt som «svært aktiv medlem». Det er vidare lagt fram ei fråsegn frå ein pastor i Den Iranske Evangeliske Lutherske kirke i Oslo datert 3. mars 2010. Her heiter det at A er «aktiv i evangeliseringsarbeidet blant sine muslimske venninner i byen». I ei skriftleg fråsegn datert 17. juni 2011 har A sjølv skildra at «Min tjenester har vært blant annet å lese dikt, synge lovsanger, lese prekentekster, praktiske gjøremål og invitere mine muslimske venninner til kirken».

C forklarte til lagmannsretten at ektefellens hans blei kjent med A i 2005 på eit asylmottak på Gjøvik. På grunnlag av kontakten med A blei han etter kvart med på møter i pinserørsla. Etter fire år valde han å bli ein kristen. Lagmannsretten oppfatta forklaringa hans slik at ein viktig bakgrunn for dette valet nettopp var samtalar med A. Lagmannsretten festar lit til forklaringa hans, men meiner samstundes at den i mindre grad er eigna til å underbyggja at A har drive utetterretta, aktiv misjonering. Lagmannsretten oppfattar at det her er tale om ein kontakt over lang tid, og der samtalane om kristendommen har hatt som utgangspunkt at det allereie var etablert ein sosial relasjon gjennom vennskap mellom A og ektefellen til C. Lagmannsretten meiner at dette skil seg frå situasjonar der det er tale om aktiv misjonering i eit miljø der det er usikkert om mottakaren kan reagera negativt.

Lagmannsretten viser til at vurderingar knytt til konvertering og utøving av tru har stått sentralt i denne saka heilt sidan 2004. A har seks gonger kravd omgjering av UNEs avslag. På denne bakgrunnen hadde det ikkje vore unaturleg om det i saka for lagmannsretten var lagt fram meir omfattande bevis knytt til påstått evangeliseringsarbeid i Noreg. Lagmannsretten meiner at mangelen på detaljerte forklaringar og dokumentasjon om slikt arbeid i seg sjølv er ein indikasjon på at A berre i mindre grad har vore aktivt i slike samanhengar. Ut frå bevisføringa er det ingen haldepunkt for at ho har hatt noka leiarrolle i dei ulike kristne fellesskapa der ho har deltatt.

Ved bevisvurderinga har lagmannsretten lagt særleg vekt det inntrykket som den fekk basert på As eiga forklaring til lagmannsretten. Lagmannsretten legg til grunn at kristendommen er viktig for A og at ho ynskjer at fleire skal bli kristne. På den andre sida oppfattar lagmannsretten det som svært lite truleg at ho etter ein retur til Iran vil få ei slik markert rolle som kristen at styresmaktene vil fatta særskilt interesse for henne. Ho stadfesta i forklaringa at ho er utan eit nettverk i Iran og at ho ikkje kjenner andre kristne der som ho kan ta kontakt med. Ho gav uttrykk for at ho gjerne ville vera del av eit kristent fellesskap i Iran, men etter lagmannsrettens syn hadde ho i svært liten grad gjort seg konkrete tankar om korleis dette skulle skje. Ho gav klart uttrykk for at det kunne vera farleg å vera del av ei heimekyrkje, og at ho difor heller ynskte å ta kontakt med ei vanleg kyrkje, det vil seia ei kyrkje for ein av dei etniske, kristne minoritetane i Iran. Basert på andre bevis i saka, blant anna vitneforklaringa til landrådgjevar Are Hovdenak, legg lagmannsretten til grunn at det er svært vanskeleg å få innpass i slike kyrkjer for personar som ikkje er ein del av den aktuelle etniske minoriteten. Lagmannsretten legg også til grunn at det er vanskeleg å få innpass i heimekyrkjer, fordi slike kyrkjer blir sett på som ulovlege av styresmaktene og deltakarane i slike kyrkjer fryktar infiltrasjon frå styresmaktene.

Samla sett meiner lagmannsretten at det ikkje er «noenlunde sannsynleg» at A ved retur til Iran vil utøva kristendomen utanfor eiga, privat sfære. I den grad ho vil ta kontakt med andre om kristendomen, meiner lagmannsretten at det klart mest truleg vil skje på ein måte som stillteiande vil bli akseptert av styresmaktene og andre i Iran, slik at ho uansett ikkje vil bli eksponert for reell risiko for reaksjonar som fell inn under omgrepet «forfølgelse» i utlendingslova.

A har gjort gjeldande at det ligg føre individuelle omstende knytt til hennar person som utset henne for ein særleg risiko. Ho har vist til bakgrunnen for at ho reiste ut av Iran og søkte om asyl i Noreg i 2003. Ho har også vist til at hennar avlidne ektefelle har rapportert henne til styresmaktene i Iran.

Når det gjeld omstenda før utreise i Iran, viser lagmannsretten til at UNE i avslaget på søknad om asyl la til grunn at dette var omstende som ikkje var nokolunde trulege, og som difor ikkje kunne leggjast til grunn. Lagmannsretten meiner at det ikkje ligg føre haldepunkt for at UNEs vurdering er urett på dette punktet. Lagmannsretten sluttar seg til grunngjevinga i tingrettens dom side 10 siste heile avsnitt.

Lagmannsretten er også samd med tingretten i at det ikkje er «noenlunde sannsynlig» at den avlidne ektefellen har rapportert henne til styresmaktene, eller - dersom slik rapportering har skjedd - at styremaktene har fatta særskilt interesse for henne fordi ho har vore utru og er skilt. Også på dette punktet sluttar lagmannsretten seg i hovudsak til tingrettens vurdering. Tingretten har i vurderinga trekt fram at den meiner det generelle truverdet til A er redusert. For lagmannsretten har dette momentet ikkje vore avgjerande. Uavhengig av om ho blir rekna som generelt truverdig eller ikkje, er det etter lagmannsrettens syn ikkje konkrete haldepunkt for at styresmaktene i Iran i dag har eit særskilt fokus på henne. Det er heller ikkje truverdig at den avlidne ektefellen i si tid var i søkelyset til styresmaktene. Lagmannsretten viser til UNEs avslag på søknaden hans om asyl.

Spørsmål om opphald på humanitært grunnlag:

Etter utlendingslova § 38 kan det bli gjeve opphaldsløyve sjølv om dei andre vilkåra i lova ikkje er oppfylt, dersom det «foreligger sterke menneskelige hensyn eller utlendingen har særlig tilknytning til riket».

Når det gjeld tilknyting til riket, har UNE lagt vekt på at A budde dei ca 50 første åra av livet sitt i Iran. Lagmannsretten kan ikkje sjå at UNE har bygd på feil faktum når UNE la til grunn at dette gjev ho tilstrekkeleg sterk tilknyting til Iran, uavhengig av konkret nettverk i form av venner og familie. UNE har også tatt omsyn til at ho har hatt lengre periodar med lovleg opphald i Noreg.

A har for lagmannsretten særleg vist til at ho har stoffskifteproblem, alvorleg angst, depresjonar og posttraumatisk stress. Lagmannsretten viser på dette punktet til tingrettens dom side 12 der det heiter:

Når det gjelder anførslene knyttet til helsetilstand bemerker retten at ikke foreligger noe oppdatert dokumentasjon om klagers helsetilstand, og den siste legeerklæringen er fra april 2010. Etter bevisførselen i saken kan retten ikke se at saksøker lider av en akutt og livstruende fysisk lidelse eller en alvorlig psykisk lidelse som tilsier at hun skal gis oppholdstillatelse på grunn av sterke menneskelige hensyn. I likhet med UNE legger retten til grunn at A, dersom hun har behov for det, vil få nødvendig og adekvat helsehjelp i Iran.

Det er ikkje lagt fram nye bevis for lagmannsretten som tilseier ei anna vurdering.

Lagmannsretten har merka seg at UNE i vedtak 4. april 2013 la til grunn at A kunne ha krav på økonomisk støtte som enkje. Etter lagmannsrettens syn samsvarer dette ikkje med at UNE i andre samanhengar har lagt til grunn at A er skilt. Ho har også lagt fram dokument som ser ut til å visa at skilsmål er gjennomført i Iran. I det same vedtaket har UNE vist til at ho «normalt» vil ha krav på arv etter den tidlegare ektefellen. Lagmannsretten meiner at det kan stillast spørsmål ved om UNE her har bygd på rett faktum. Lagmannsretten meiner at det uansett ikkje er nødvendig å ta stilling til dette, fordi lagmannsretten meiner at ein eventuell feil ikkje kan ha innverka på vedtaket. Lagmannsretten viser til sitatet ovanfor, der det går fram at det ikkje er grunnlag for å byggja på at A i dag har fysiske eller psykiske lidingar som krev kontinuerlig, medisinsk oppfølging med tilhøyrande kostnader for henne. Så lenge dette ikkje er situasjonen, er ikkje dei strenge vilkåra for opphald på humanitært grunnlag oppfylt, jf. utlendingslova § 38 andre ledd bokstav b som slår fast at det skal leggjast vekt på om det ligg føre «tvingende helsemessige forhold». Lagmannsretten viser også til Ot.prp.nr.75 (2006-2007) punkt 7.4 og 7.6.3.2 når det gjeld den nærare avgrensinga av dette vilkåret.

UNEs vedtak om ikkje å gje opphald på humanitært grunnlag er etter lagmannsrettens syn ikkje grovt urimeleg. Lagmannsretten viser til dei momenta som går fram av drøftinga ovanfor.

 

Konklusjon:

Anken har etter dette ikkje ført fram, og den blir forkasta.

 

Sakskostnader:

I samsvar med hovudregelen i tvistelova § 20-2 første ledd har staten v/UNE krav på å få full erstatning for sakskostnadene i lagmannsretten og tingretten. Lagmannsretten har vurdert om det er grunnlag for å gjera unntak etter tvistelova § 20-2 tredje ledd, men har kome til at det ikkje ligg føre tungtvegande grunnar som gjer dette rimeleg. Avgjerda har ikkje valda tvil, saka har ikkje prinsipiell interesse og A har etter lagmannsrettens syn ikkje hatt god grunn til å få den prøvd for domstolane. Dette gjeld sjølv om saka spelar stor rolle for henne velferdsmessig.

Staten v/UNE la for tingretten fram kostnadsoppgåve på kr 64 900. Av dette beløpet gjaldt kr 60 900 salær.

Staten v/UNE har for lagmannsretten lagt fram kostnadsoppgåve på kr 52 200, som fullt ut gjeld salær.

Lagmannsretten meiner at det både for tingretten og lagmannsretten er tale om rimelege og nødvendige utgifter, jf. tvistelova § 20-5 første ledd, og tilkjenner sakskostnader i samsvar med oppgåvene.

Dommen er samrøystes.

Domsslutning:

1. Anken blir forkasta.

2. I sakskostnader for Borgarting lagmannsrett betaler A 52 200 - femtitotusentohundre - kroner innan to veker rekna frå tidspunktet for forkynning av dommen.

Siste endringer
  • Ny: LB-2014-169786 Asyl/beskyttelse. Utl. § 28. Konvertering. Iran. (16.03.2015)

    Dom fra Borgarting lagmannsrett som gjaldt gyldigheten av UNEs avslag på beskyttelse til en iransk kvinne som hadde konvertert til kristendommen. Lagmannsretten kom til at det ikke var noenlunde sannsynlig at hun ved en retur til Iran kom til å utøve kristendommen utenfor den private sfære. Det var heller ikke grunn til å tro at iranske myndigheter hadde et særskilt fokus på henne. Vedtaket var dermed gyldig.

Utlendingsdirektoratet
Postboks 2098 Vika
0125 Oslo

Ansvarlig redaktør: Stephan Mo