Til startsiden
  • Personvern
  • Arkiv
  • Nettstedskart
  • Kontakt oss
  • Skriv ut
  • Skriv ut
  • Endre tekststørrelse
English

Underrettsavgjørelser

Dokument-ID : LG-2013-39138
Dokumentdato : 04.03.2013

Varetekt. Utlendingsloven § 106 første ledd bokstav b jf § 106a og § 99.

Sett på bakgrunn av opplysningene i saken fremstår ikke varetektsfengsling frem til 15. mars 2013 som et uforholdsmessig inngrep for utlendingen, jf utlendingslova § 99. (Sammendrag ved Lovdata.)

Utlendingen, A, fødd *.*.1989, vart gripen av politiet 27. februar 2013 og i påteikning dagen etter kravd varetektsfengsla i to veker med tilvising til utlendingslova § 106 første ledd bokstav b, jf tredje ledd, jf § 106a, jf § 99. I orskurd 1. mars 2013 i Haugland tingrett vart det fastsett at utlendingen i samsvar med kravet frå påtalemakta, kan haldast varetektsfengsla fram til 15. mars 2013.

       Utlendingen fremja anke i rettsmøtet og forsvararen har kome med støtteskriv til anken. Utlendingen gjer gjeldande at det ikkje ligg føre opplysningar om at han har freista å draga seg unna UNE sitt vedtak. Det vart ikkje gjort freistnad på å gjennomføra vedtaket.

       Det er ikkje grunnlag for tingretten sin merknad om at utlendingen klart igjen vil draga seg unna å verta frakta ut. Det er heller ikkje avklara kva som gjorde at han forlét mottaket i 2011. Det kan ikkje leggjast til grunn at det vart gjort for å unngå å verta frakta ut or landet.

       Utlendingen krev seg lauslaten.

       Påtalemakta har ingen merknader til anken og syner elles til tingretten sine merknader.

       Lagmannsretten er komen til at anken ikkje kan leia fram og syner i hovudsak til tingretten sine merknader som er dekkjande òg for lagmannsretten sitt syn på saka.

       Utlendingen har opplyst til politiet at han kom til Noreg fem – seks månader før han vart kontrollert av politiet 19. mai 2011. I samband med asylsøknader har han gjeve opp ulike namn, fødselsdatoar og nasjonalitet til austerrikske og norske styremakter.

       Norske styremakter oppmoda 23. juni 2011 austerrikske styremakter om å ta i mot utlendingen med tilvising til Dublin II-forordninga artikkel 16 (1) c. Utlendingen forsvann same dagen frå mottaket og det vart difor ikkje mogeleg å frakta han ut då godkjenninga frå Austerrike låg føre.

       I tilknyting til søknad om asyl og i forklaringa for tingretten opplyste utlendingen at han kjenner seg utrygg for hemn frå mafiaen dersom han vert sendt attende til Austerriket. Dette saman med at han reiste frå mottaket sist det var aktuelt for han å verta frakta ut, tilseier etter lagmannsretten si vurdering at det ligg føre klare haldepunkt for at utlendingen vil draga seg unna å verta frakta til Austerrike, jf utlendingslova § 106 første ledd bokstav b.

       Utlendingen har opplyst at han har hatt ymse strøjobbar i den tida han har opphalde seg i Noreg og det tilseier at han har tilstrekkeleg nettverk til å halda seg skjult dersom han vert lauslèten no. Pålegg om meldeplikt eller andre tiltaka anna enn varetektsfengsling andsynes utlendingen vil difor ikkje vera tilstrekkelege til å hindra at utlendingen dreg seg unna utfrakting.

       Sett på bakgrunn av opplysningane i saka framstår ikkje varetektsfengsling fram til 15. mars 2013 som eit uhøvesmessig inngrep andsynes utlendingen, jf utlendingslova § 99.

       Anken vert vraka.

       Orskurden er samrøystes.

Slutning:

       Anken vert vraka.

Siste endringer
  • Ny: LG-2013-39138 Varetekt. Utlendingsloven § 106 første ledd bokstav b jf § 106a og § 99. (13.03.2013)

    Lagmannsretten fant at varetekstfengsling ikke var et uforholdsmessig inngrep overfor den ankende part, jf. utlendingsloven § 99. Norske myndigheter anmodet Østerrike om å ta vedkommende tilbake i medhold av Dublin II-forordningen, hvoretter han forsvant fra asylmottaket.

Utlendingsdirektoratet
Postboks 2098 Vika
0125 Oslo

Ansvarlig redaktør: Stephan Mo