Tema
- Familieinnvandring
Rettskildekategori
- Retningslinje
UDI 2010-034 Vilkåret om fast og etablert sambuarforhold - utlendingslova § 41
Utlendingslova § 41 set som vilkår at søkar og referansepersonen må ha budd saman i eit fast og etablert sambuarforhold i minst to år og aktar å fortsette samlivet. I utgangspunktet er kravet om fast og etablert samliv knytta til dei to siste åra.
For dei tilfelle der sambuarane på grunn av arbeid eller av andre praktiske årsakar har vore nødt til mellombels å avbryte samlivet, skal vilkåret om fast og etablert sambuarforhald likevel reknas som oppfylt når partane kan dokumentere jamleg kontakt så langt økonomi og arbeid har tillate det, og dei har konkrete planar om å flytte saman. Det er ein føresetnad at partane kan dokumentere at dei forut for avbrotet har budd saman i minst to år.
Tema
- Familieinnvandring
Mottaker
- Utenriksstasjonene
- Politiet
Eier
- UDI Opphold
Rettskildekategori
- Retningslinje