Tema

  • Arbeid
  • EU/EØS

Rettskildekategori

  • Retningslinje
  • Saksnummer i UDISAK (arkiv)

UDI 2011-038 Utsendt arbeidstakar og etablerar som ikkje er EØS-borgar

Retningsliner som omhandlar opphaldsretten til utsendt arbeidstakar og etablerar som ikkje er EU/EØS-borgar, men som er tilsett i eit føretak etablert i eit anna EU/EØS-land

1. Innleiing

Denne retningslina omhandlar opphaldsretten til utsendt arbeidstaker og etablerar som ikkje er EU/EØS-borgar, men som er tilsett i eit føretak etablert i eit anna EU/EØS-land. Reglane for tredjelandsborgarar er å finne i utlendingslova kapittel 13, jf. utlendingsforskrifta kapittel 19 (EØS-regelverket).

Formålet med både utsending og etablering skal vere å opphalde seg i Noreg i ein avgrensa periode, og returnere til det landet ein blir utsendt frå, når tenesta er utført eller etableringa er gjennomført.

Det følgjer av EØS-avtalen artikkel 31 og artikkel 36, at det er føretaket der den utsendte arbeidstakaren er ansatt som faktisk yter grensekryssande tenester eller etablerar seg i Noreg. Det er derfor føretaket som er tenesteytaren, og arbeidstakaren er ein utsendt arbeidstakar.

2. Opphald i inntil tre månadar

Tredjelandsborgar som er arbeidstakar i eit føretak som er etablert i eit anna EØS-land, og som skal:

  1. arbeide i Noreg etter reglane om fri flyt av tenester i EØS-avtalen eller

  2. etablere seg i Noreg etter reglane om etableringsrett i EØS-avtalen, jf. utlendingslova § 110 fjerde ledd,

har rett til opphald i inntil tre månadar utan å søkje om eit opphaldskort, jf. utlendingslova § 111 andre ledd andre punktum.

2.1. Felles vilkår for begge grupper

Det er eit vilkår at vedkommande har eit gyldig pass og er ansatt i eit føretak etablert i eit anna EØS-land. Det er vidare eit vilkår at personen har lovleg opphald med rett til å arbeide i det EØS-landet han eller hun er utsendt frå og at vedkommande har tilgang til å returnere til dette landet etter opphaldet i Noreg. Det lovlege opphaldet i utsenderstaten må derfor ha ein varigheit som er lenger enn varigheita på oppdraget i Norge.

Det er også eit vilkår at etableringa skal gjelde ei næringsverksemd. Omgrepet næringsverksemd skal tolkast vidt. Hovudregelen er at aktiviteten må vere av økonomisk art, men det er ingen krav om at den har til formål å oppnå profitt eller gevinst. Eit døme på dette er aktivitetar til ein religiøs organisasjon så lenge drifta er av økonomisk art.

Det blir ikkje stilt krav om kor lenge ein arbeidstakar må ha vore tilsett i føretaket før vedkommande blir sendt ut for eit oppdrag i i Noreg. Dette inneber at det ikkje er noko krav om at arbeidstakaren har utført arbeid i EØS-landet før vedkommande blir sendt til Noreg.

For å ha opphaldsrett i tre månadar, må ein tredjelandsborgar som er utsendt arbeidstakar eller etablerar, ikkje bli ein urimeleg byrde for offentlege velferdsordningar, jf. utlendingslova § 111 andre ledd, jf. første ledd.

2.2. Utsendt arbeidstakar

Av prinsippet om fri flyt av tenester følgjer det at føretaket som leverar tenestene, har rett til å bruke sine eigne tilsette som eit ledd i tenesteytinga, uavhengig av nasjonaliteten til arbeidstakaren. Tenesteytinga skal vere mellombels. Om ytinga er mellombels eller varig må ein vurdere konkret.

Arbeidstakaren må vere ein utsendt arbeidstakar etter reglane i arbeidsmiljøloven § 1-7 og forskrift om utsendte arbeidstakarar § 2. I tillegg må den utsendte arbeidstakaren utføra eit oppdrag på vegne av et føretak som driver reell verksemd i eit anna EØS-land, jf. utlendingsforskrifta § 19-8 fyrste ledd.

Arbeidstakaren må vere utsendt i eit avgrensa tidsrom, jf. utlendingsforskrifta § 19-8 fyrste ledd bokstav a

Utsending av arbeidskraft kan skje på fleire måtar, til dømes som ledd i gjennomføring av ein kontrakt eller som utleie av arbeidskraft. Også vikarbyrå kan sende arbeidskraft til Noreg.

Sjølvstendige oppdragstakarar er ikkje omfatta.

2.3. Etablerar

Ein arbeidstakar som blir sendt til Noreg i samband med etablering av ein verksemd, har opphaldsrett når vedkommande anten har ei leiarstilling i føretaket eller har spesiell kompetanse som er avgjerande for at føretaket skal kunne etablera seg i Norge.

I samsvar med dommen i saka Centros (C- 212/97) (ekstern lenke til EUR-lex) er det utan relevans at eit selskap er oppretta i eit medlemsland utelukkande for å bli i stand til å etablere selskap i eit anna medlemsland. Dette gjeld sjølv om den største delen av verksemda til selskapet blir utøvd i det selskapet som er etablert i Noreg. Årsaka til at ein vel å stifte eit selskap i eit bestemt medlemsland er altså utan relevans for bruken av reglane om retten til å etablere seg.

3. Opphald i meir enn tre månadar

Utsendt arbeidstakar og etablerarar har opphaldsrett i meir enn tre månadar så lenge dette skjer som ledd i utøvinga av ei teneste eller det er nødvendig for etableringa av ei verksemd i Noreg, jf. utlendingslova § 114 andre ledd. Vilkåra som er skildra i punkt 2 med underpunkt, må framleis vere oppfylt, jf. utlendingsforskrifta § 19-16.

4. Opphaldskort

Ved opphald utover tre månadar skal ein utsendt arbeidstakar eller etablerar søkje om opphaldskort, jf. utlendingslova § 118 første og tredje ledd, jf. utlendingsforskrifta § 19-24. Rutinar for søknad om oppholdskort går fram av UDI 2011-035.

4.1. Dokumentasjonskrav

  • gyldig pass

  • dokumentasjon på lovleg opphald med rett til å arbeide i det landet som søkjaren er utsendt frå (opphaldsløyve eller opphaldskort)
    Det må i tillegg vere klart at søkjaren har tilgang til å returnere til dette landet etter opphaldet i Noreg.

  • tilsetjingskontrakt mellom søkjaren og det utanlandske føretaket som søkjaren er tilsett i

Utsendt arbeidtakar

  • oppdragskontrakt mellom det utanlandske føretaket som søkjaren er tilsett i og oppdragsgjevaren i Noreg som inneheld opplysningar om varigheita av oppdraget. Det kan i nokon tilfelle vere tilstrekkeleg med eit skriv frå oppdragsgjevar i Noreg på eit konkret oppdrag og varigheita av dette oppdraget. Det er ikkje eit krav at arten av tenesteytinga blir dokumentert.

Etablerarar

  • dokumentasjon på at søkjaren har ei leiarstilling eller har ein spesiell kompetanse som er avgjerande for etableringa i Noreg når dette ikkje fremgår av tilsetjingskontrakten. Til dømes kan dette vere dokumentasjon på arbeidserfaring eller utdanning, eventuelt skriv frå ein leiar i selskapet.

  • dokumentasjon på at føretaket vedkommande er tilsett, skal etablera seg i Noreg. Dette kan til dømes vere utskrift frå Brønnøysundregistra eller forretningsplanar.

4.2. Innhaldet til opphaldskortet

Opphaldskortet er dokumentasjon på at personen har opphaldsrett i Noreg.

Opphaldskortet er gyldig i den tiden oppdraget er meint å vare, eller så lenge det kan dokumenterast at utlendinga er nødvendig for etableringa av verksemda, inntil eit år av gangen, jf.utlendingsforskrifta § 19-24 fjerde ledd.

Opphaldsretten som utsendt arbeidstakar eller etablerar dannar ikkje grunnlag for varig opphaldsrett og heller ikkje for familieinnvandring, jf. utlendingsforskrifta § 19-16 andre ledd.

Fornying av opphaldskortet skal ein søkje om før utløpet av det gjeldande opphaldskortet hos politiet eller eit Servicesenter for utanlandske arbeidstakarar.

Når det ikkje er tvil om at vilkåra for opphaldskart er oppfylt, kan politiet innvilge søknad om oppholdskort og søknad om fornya opphaldskort. Elles sendast saka til UDI.  

Søknad om opphaldskort skal bli behandla innan seks månadar etter at fullstendig søknad er levert.

4.3. Bortvising og utvising

Utsendt arbeidstakar og etablerarar som ikkje har opphaldsrett etter reglane i utlendingslova § 111 andre ledd eller § 114 andre ledd, kan bortvisast etter reglane i utlendingslova §§ 17 og 18 og utvisast etter reglane i utlendingslova kapittel 8, jf. utlendingsforskrifta § 19-5 andre ledd.